fredag 16. september 2016

Brettekort for Scrappiness

Hei hei:-) Då kommer siste innlegg i mi første veke i Scrappiness bloggen. Denne gongen har eg laga eit enkelt brettekort. Eg har ikkje laga mange slike men tipper det blir fleire og fleire. Har fått meg Score Board og alt;-)

Arka eg har brukt er fra LemonCraft. Eg har brukt Just love me; 04 på framsida. Inni har eg brukt House of roses; Old letters.


Det er og eit klippeark med i denne arkserien. Eg har klippet ut to blomster og satt dei på 3Dputer i ulik tjukkelse for å skape litt ekstra dimensjon. 
Ellers er det enkelt pynta med ein sommerfugl fra LittleB og klistermerker fra Papirdesign.


Eg syns desse arka var så nydelige at eg ikkje ville pynta for mykje. Inni har eg brukt ein tekstsirkel og blomster fra klippearket, samt eit tekststempel fra Papirdesign.


Det var alt fra meg i dag:-)



Pin It

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren:-)