fredag 16. mars 2018

Art journaling

Hei og hopp:-) Då var det helg alt og våren er rett rundt hjørna:-) Guri land kor eg glede meg!

Eg har laga ein slags tutorial, for Scrappiness,  på ei artjournal side og har filma heile prosessen då eg laga sida:-) 





Og litt bilder: 







Ha ei strålande helg:-) 







Pin It

onsdag 14. mars 2018

Mixed media tag

Hei hei:-) Min tur hos Scrappiness igjen:-)

I dag viser eg fram ein tag som er litt meir tidkrevande å laga enn LOen eg viste fram på mandag, nemlig ein mixed media tag. Eg elsker denne stilen. Den har uendelig med muligheter og er så utrulig fri:-) Du veit aldri heilt korleis resultatet blir og derfor gjer det ingenting om ein gjer noko "feil" for det er ofte med på å gjer resultatet enda bedre enn ein hadde tenkt:-) Så "happy accidents" er veldig velkommen for min del;-)

Denne tagen er laga av restepapir og restemaling og medium etter eit anna prosjekt. Ofte når eg held på med eit større prosjekt har eg ein tag ved sida av til å ha på restene så dei ikkje går til spille.


For å lage tagen har eg limt på rester av papir, tissue, osteklut og washitape. Deretter har eg hatt på eit tynt lag med gesso for så å spraye med glimmermist. Husk å tørke mellom laga. 



Til å pynte tagen har eg brukt eit bilde fra eit utklippsark og ein del av eit gammalt smykke. 

 Pynten gjekk raskt då smykket utgjer mesteparten av den. Ei fjær og litt Papirdesign klistermerker og bånd og vips så var den ferdig:-) 

Pin It

mandag 12. mars 2018

Clean & Simple hos Scrappiness

Hei hei:-) No er det lenge sidan eg har hatt innlegg i bloggen til Scrappiness, så det skal bli veldig kjekt å få dele litt igjen:-) 

Eg startar veka mi veldig enkelt og greit med ein clean & simple layout. Når eg ikkje held på med mixed media er det nok denne stilen eg likar best. Her får bilete spela hovedrolla og så er det jo kjekt at det går så raskt å laga og;-) 



Denne layouten er laga ved å male på eit akvarellpapir med Jane Davenport mermeid markers. Så tok eg eit panel i kvit kartong og stansa ut ordet. Deretter limte eg arket eg hadde mala på under panelet og limte det så over på ein kvit bazzil. 


 Ellers er det veldig enkelt pynta med litt hyssing, klistermerke og eit hjerta stansa ut av rester fra eit ark eg har brukt tul å testa ut akvarellmaling. 


Produkter:

Pin It