Viser innlegg med etiketten art journaling. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten art journaling. Vis alle innlegg

onsdag 2. mai 2018

Art journaling med Jane Davenport produkter

Hei hei:-)

Blogger for Scrappiness i dag og viser fram ei artjournal side eg laga då eg var med å feira bursdagen til tidligere DT medlem Jorunn:-) Det var ei utrulig kosli helg og Lone og tidligere DT Helga Elin var og med:-)

Me kom på at me skulle prøve å laga ei lita løs side til kvar som minne fra helga. Det gjorde me ved å sende rundt ei side 20 ganger der alle gjorde litt kvar gong. Utrulig gøy treff aktivitet og veldig spennande  å sjå resultatet:-)

Eg har stort sett brukt Jane Davenport produkter. Liker du mixed media finner du omtrent alt du trenger i produkta hennar. Eg virkelig digger dei!


Sida er laga ved å lime på papirbiter, washitape og maling. Eg har og limt på stempeltrykk som er på silkepapir. Då ser det nesten ut som om det er stempla direkte i boka og du får eit perfekt trykk. Dette er eit lurt tips dersom du vil ha eit tydelig stempeltrykk i artjournaling, då det kan være svært vanskelig å få til på ein bakgrunn med mykje tekstur og maling. 

Dersom du vil sjå korleis eg går fram når eg lager ei slik side kan du sjekke ut ein tidligere turtorial her:-) 


 Ansiktswashien til Jane Davenport er super å bruke som utgangspunkt til personer:-) 
Møllen er eit stempeltrykk fra Visible Images som har utrulig mange kule stempel!


Her er sida mi med den litle sida me laga i lag. Utrulig artig at den matchet sida mi så bra:-) 



Produkter:
Jane davenport: washitape, gesso og matte medium, maling, mermeid markers, paint over pens, glitz sea markers (glitterpenn)
Visable images: stempel



Pin It

fredag 16. mars 2018

Art journaling

Hei og hopp:-) Då var det helg alt og våren er rett rundt hjørna:-) Guri land kor eg glede meg!

Eg har laga ein slags tutorial, for Scrappiness,  på ei artjournal side og har filma heile prosessen då eg laga sida:-) 





Og litt bilder: 







Ha ei strålande helg:-) 







Pin It

mandag 4. september 2017

Art journal med akryl maling

Hei hei:-)  Juhuu min tur i Scrappiness bloggen igjen:-) Denne veka blir det litt forskjellig og eg starter med ei art journal side. Denne sida er brukt kun med akrylmaling og litt fargeblyanter og penn. Den er laga på eit kurs med Mindy Lacefield så motivet har eg ikkje funnet på sjølv;-)

Eg elsker virkelig akrylmaling! Det er enkelt å blande dei, bygge opp struktur og dybde og ein kan lett fikse eventuelle "feil".

For å lage dette maleriet har eg brukt mange ulike fargar. Dette skaper eit levende utrykk. Tru det eller ei, bakgrunnen er faktisk rød:-)

Malingen er lagt lagvis og skrapt av om og om igjen;-) Ellers er det skribla litt med fargeblyanter og teksten er skrive med kvit gel penn.






Produkter:





Pin It

fredag 28. juli 2017

Artjournal side med dongeri

Hei hei:-) I dag er det siste innlegg fra meg og dongeribuksa i Scrappiness bloggen;-) Eg har kosa meg med artjournaling og hatt på litt biter av dongeribuksa der og:-)


Når eg koser meg med artjournaling har eg så godt som aldri nokon plan, ei side kan ta fleire måneder og det er vanskelig å sei kortid den er ferdig. Dette er ei sånn side. Den er laga ved å bruke reste maling og medium fra andre prosjekter og plutselig er den ferdig:-) 




Produkter:



Pin It

onsdag 14. juni 2017

Mini art journal ~ utfordring # 6 hos Scrappiness

Hei hei:-) I dag blogger eg for Scrappiness:-) Tenk me er alt kommet til juni, tida går nesten for fort! Me er klare for ei ny utfordring. Den blir ganske åpen denne gangen:

"Lag noko smått"

Dette er det eineste kravet, ellers kan du lage kva du vil (så lenge det er scrapperelatert då).

Eg har laga ein ganske så liten art journal. Den måler 10x7,5 cm og har 12 sider. Eg har ikkje pynta alle sidene ferdig enda. Eg kan holde på med ei side leeeenge og kommer ofte tilbake til sider og har på litt meir. Då eg laga boka tok eg nokre sider med ferdig bakgrunn laga av gelli prints og nokre blanke med tanke på skisser.

Dette er ei utrulig artig bok:-) Når du blar i den går den rundt og rundt, kommer liksom aldri til slutten;-) Nederst ligger ein liten filmsnutt som viser det. 

Utfordringen varer tom 16. juli  kl 23.55 og reglene finner dere HER. Legg link til bidrag i kommentarfeltet eller send på mail:-)

Sjå opp for bilderas;-)



Det er veldig enkelt å lage ei slik bok. Kutt opp strimler av ferdige gelli prints og/eller blanke ark, brett det som eit trekkspill og lim på chipboard på begge sider til omslag. Så er det berre å pynte i vei:-) 

Eg har brukt både egne teikningar og utklipp fra collagesheets eg har kjøpt tidligere. 

Ei nesten ferdig side. Her kommer eg nok til å fortsette ei stund til;-)


Under arbeid.. Skisser først med blyant, så vannfast penn. Det er veldig viktig for her kommer det nok vannmaling på;-) Eller kanskje eg skal øve meg med fargeblyant?
Den andre sida av boka er litt roligere i både fargar og motiv.. 


 Øver meg på å tegne kropper og ansikter.. 
Og slik er boka når den er bretta ut:-) Skal nok lage litt fleire sider neste gang. 

Og ein liten filmsnutt som viser korleis boka fungerer. 



Produktliste: 
Gelli plate
Penn (vannfast)

Ha ein strålande onsdag:-) 


Pin It

fredag 24. mars 2017

"Lost and found" ~art journal

Hei hei:-) I dag blogger eg for Scrappiness igjen:-)

Hei hei:-) Eg elsker jo som sagt mixed media og nesten alt eg lager har diverse medium på seg;-) Siden månedens utfordring er jo nettopp Mixed media tenkte eg at eg ville inspirere med ei art journal side i dag. Denne mangler eit kriterie til utfordringa då, nemlig eit ikkje scrapperelatert objekt, men det er jo ingen sak å finne;-)

Denne art journal boka er dagboka mi for i fjor. Det som står er meir dagligdagse hendelser. Tankar og følelser eg vil holde for meg sjølv er skjult med uleselig skrift eller bak tags eller luker. Så denne boka kan deles:-) Eg har brukt den litle boka til Dylusion, som er 12,7x20,3 cm, herlig format:-) 


Denne sida er laga ved å skrape på maling i tynne lag med eit plastkort for så å vaske av med våtserviett gjennom stensiler. Dette er i mange lag:-) Eg har og brukt stensiler og tatt maling gjennom. 


 Då eg brukte den kule stensilen fra Tim Holtz kom tittelen på sida naturlig, den passa og i grunnen godt til sitatet og;-) Sammen med stensilen har eg brukt svart distress ink. 



Eg syns ofte det kan være vanskelig å skrive for hånd på sidene så då er ord klistermerker gull:-)


 Eit utklipp, enten fra utklippsark eller eit blad gjer seg som fokuspunkt for sida. Dette har eg fargelagt litt med maling.  Eg har tegna rundt dama med kullblyant og så malt rundt med kvit akrylmaling. Dette får ho til å bli fokuset til sida samtidig som det skaper dybde. 


 Her har eg brukt glimmer mist for å lage "rennere" (kva i alle dager er rett ord for det tru?), Eg brukte ei pipette for å påføre glimmermisten øverst, hold opp boka og lot det renne. Ellers har eg skribla litt her og der med både kvite og svarte pennar. 


Produkter:


Pin It

fredag 3. februar 2017

Art journal og layout for Scrappiness

Hei hei:-) Velkommen til siste innlegget i veka mi hos Scrappiness:-) 

I dag vil eg visa fram det eg holder mest på med for tida, nemlig artjournaling. Det er ingenting som inspirerer meg meir enn å leke med maling, blekk, medium og herlige papirer og få overraskende og flotte resultater:-)

Tattered Angels har lenge vært kjent for sin glimmermist (som eg ELSKER!) men har stadig utvida sitt sortiment. No har dei kommet med mønsterark. Og for nåken mønsterark! Motivene er nydelige og kvaliteten av ein anna verden! Dei føles som tapet og er veldig mjuke, men tålbare. Perfekt for mixed media. I dag har eg vert forsiktig med å bruke for mykje medium over dei, då eg ville visa fram dei fantastiske motiva. Og ja, dette er i hovedsak eit innlegg om art journaling, men eg måtte ta med ein LO og for å hedre desse arka litt ekstra;-)

Eg jobber alltid i mange art journalbøker på ein gang. Mykje av det eg lager tar lang tid å tørke og bør få tørke naturlig. I tillegg er det supert å bruke opp maling og diverse som var tiltenkt ei side ved å tørke det av på ei anna. Denne sida er ei slik "tørk av side". Boka eg har brukt her er ei gammel bok som tar for seg heile menneskets historie i form av nyheter. Utrulig mykje artig og lese og fantastiske bilder. Det er ikkje alt eg klarer å dekke over og då prøver eg å få det inn som ein naturlig del av sida mi. 

Bakgrunnen er som sagt blitt til ved å tørke av medium fra diverse andre prosjekter. Så har eg malt motivet i vannmaling og litt akrylmaling der det er kvitt. Vingene er klippet ut av dette fantastiske mønsterarket fra Tattered Angels. Rundt kanten av sida har eg brukt Inka gold i både gull og kobber. Eg har og brukt litt distress ink, distress stain og gelatos rundt kanten. 



Dette motivet fra boka passa perfekt til temaet på sida. "Dersom du anerkjenner at du er sårbar veks du deg sterkare"


 Inka gold er supert og gni over sida for å få fram struktur fra gesso og modelling paste. 


Produkter
Distress stain


Og så layouten: 
Denne layouten er faktisk ganske rask og enkel å laga. Eg har dryssa brusho på bakgrunnen og spraya med vatn. Rosa og kanten er klippet ut av dette nydelige arket fra Tattered Angels. 

Så har eg valgt å male rosa med High Pigment paint også fra Tattered Angels. Det er nesten som om denne malingen og arket er laga for kvarande<3


 Ellers er sida ganske enkelt pynta med tags, blomster og resin.





Produkter
Diverse blomster fra Papirdesign og Prima
Perler fra Papirdesign

Då vil eg ønska alle ei strålande helg:-)

Kreativ klem fra Arnlaug


Pin It