fredag 28. juli 2017

Artjournal side med dongeri

Hei hei:-) I dag er det siste innlegg fra meg og dongeribuksa i Scrappiness bloggen;-) Eg har kosa meg med artjournaling og hatt på litt biter av dongeribuksa der og:-)


Når eg koser meg med artjournaling har eg så godt som aldri nokon plan, ei side kan ta fleire måneder og det er vanskelig å sei kortid den er ferdig. Dette er ei sånn side. Den er laga ved å bruke reste maling og medium fra andre prosjekter og plutselig er den ferdig:-) 




Produkter:



Pin It

onsdag 26. juli 2017

Dekorere bokomslag med dongeri:-)

Hei på dåke:-) Blogger for Scrappiness igjen, og i dag vil eg visa korleis eg går fram når eg skal dekorere bokomslag. Det er jo utallige måter å gjer det på, berre fantasien setter grense, men eg ender ofte opp med collage av restepapirer og litt mixed media oppå:-) Det som blei nytt for meg denne gangen er at eg har brukt ei lomme og stoff fra ei ødelagt dongeribukse. Kosa meg veldig når eg laga denne:-)

Så her kommer litt bilder av boka og ein film:-)










Produkter: 
Restepapir, dongeribukse





Pin It

mandag 24. juli 2017

Kort med sjølvlaga blomar av dongeri

Hei hei:-) Me har hatt ei heilt nydelig veka her i vest og håper denne blir like fin:-) I dag er det min tur igjen i Scrappinessbloggen:-) Eg har faktisk scrappa litt i finveret eg og laga inspirasjon til utfordrinen som pågår no: 


Håper mange blir med på denne:-)

Som så mange andre scrappere samler eg på ALT. Blandt anna ødelagte klær.. Så denne veka har eg brukt stoff fra ei hullete dongeribukse. I dag vil eg visa eit enkelt kort med svært enkle heimelaga dongeriblomster:-)


Kortet er laga av ein stor tag som er bretta. Alle produkta, bortsett fra dongeristoffet er Tim Holtz. Bakgrunnen både på utsida og insida er laga med distress paints og ink. Pynten er tissuetape, brads og eit notecard, alle fra Tim Holtz.

 Blomstene er laga enkelt med ein sirkel dongeristoff og ein sirkel av strie som er festa sammen med ein brad. 

Innsida er enkelt pynta med eit kort og litt tissuetape, har satt av ganske god plass til å skriva. 


Det var alt fra meg i dag:-) Nyyyyyt sommeren<3



Pin It

fredag 16. juni 2017

Gøy med "Zines"

Hei og god fredag:-) Då var det min siste dag for denne gong hos Scrappiness. Som sagt så går det i "smått" hos meg denne veka, så her kommer meir inspirasjon til utfordringa:-)

Eg skal på helgetur med to gode venninner, så då fant eg ut eg ville ta med noko til dei:-) Så eg laga ein kvar sin "Zine" til dei:-) Zine som i Magazine;-) Søk på youtube så finner du litt av kvart.

Desse er superenkle og morsomme å lage, alt du trenger er eit A4 ark (eg har brukt akvarell ark), og det av pynt og farger du ønsker:-)

Det er kanskje litt likt som i går dette her, men litt annerledes likevel. Desse er laga med tanke på dei to som får dei og ein Zine inneholder ofte elementer i form av tekst, sider som kan fylles ut, kanskje eit bilde osv.. Eg har to sider med ark fra fargeleggingsbok, tilfelle dei får lyst til å fargelegge litt;-) Og to lister dei kan fylle ut sjølv. I tillegg har eg med dikt og små ordtak..







Slik ser dei ut før dei brettes til ein Zine;-)


Ha ei strålande helg:-)


Pin It

onsdag 14. juni 2017

Mini art journal ~ utfordring # 6 hos Scrappiness

Hei hei:-) I dag blogger eg for Scrappiness:-) Tenk me er alt kommet til juni, tida går nesten for fort! Me er klare for ei ny utfordring. Den blir ganske åpen denne gangen:

"Lag noko smått"

Dette er det eineste kravet, ellers kan du lage kva du vil (så lenge det er scrapperelatert då).

Eg har laga ein ganske så liten art journal. Den måler 10x7,5 cm og har 12 sider. Eg har ikkje pynta alle sidene ferdig enda. Eg kan holde på med ei side leeeenge og kommer ofte tilbake til sider og har på litt meir. Då eg laga boka tok eg nokre sider med ferdig bakgrunn laga av gelli prints og nokre blanke med tanke på skisser.

Dette er ei utrulig artig bok:-) Når du blar i den går den rundt og rundt, kommer liksom aldri til slutten;-) Nederst ligger ein liten filmsnutt som viser det. 

Utfordringen varer tom 16. juli  kl 23.55 og reglene finner dere HER. Legg link til bidrag i kommentarfeltet eller send på mail:-)

Sjå opp for bilderas;-)



Det er veldig enkelt å lage ei slik bok. Kutt opp strimler av ferdige gelli prints og/eller blanke ark, brett det som eit trekkspill og lim på chipboard på begge sider til omslag. Så er det berre å pynte i vei:-) 

Eg har brukt både egne teikningar og utklipp fra collagesheets eg har kjøpt tidligere. 

Ei nesten ferdig side. Her kommer eg nok til å fortsette ei stund til;-)


Under arbeid.. Skisser først med blyant, så vannfast penn. Det er veldig viktig for her kommer det nok vannmaling på;-) Eller kanskje eg skal øve meg med fargeblyant?
Den andre sida av boka er litt roligere i både fargar og motiv.. 


 Øver meg på å tegne kropper og ansikter.. 
Og slik er boka når den er bretta ut:-) Skal nok lage litt fleire sider neste gang. 

Og ein liten filmsnutt som viser korleis boka fungerer. 

video

Produktliste: 
Gelli plate
Penn (vannfast)

Ha ein strålande onsdag:-) 


Pin It

mandag 12. juni 2017

Små, artige ATCer:-)

Hei hei:-) I dag blogger eg for Scrappiness:-)

 Det er ingen hemmelighet at eg liker ATCer, eg liker i grunn det meste som er smått eg:-) ATCer liker eg best å lage fordi det er overkommelig å lage mange, både like og ganske så ulike kort på den tida eg har til rådighet. I tillegg er det gøy å eksperimentere på desse små korta. 

Denne serien har eg laga til Juni oppgåva inne hos ArJo's. Berre å bli med om du vil:-)

Uten at eg tenkte over det kom det visst fram eit budskap i denne serien. Dette budskapet passer sommeren på vestlandet ganske godt. Ser du kva det er? 


Korta er enkelt laga ved å lage bakgrunn med distress stains eller mist. Så har eg limt på figurer fra tegninger eg har laga tidligere eller har som utklippsark. Kjempe gøy å lage:-D

Eg bruker som regel Water-media arka fra Ken Oliver når eg lager ATCer. Desse tåler omtrent alt av våte medium og krøller seg omtrent aldri. Heilt fantastiske ark til mixed media eller akvarellmaling:-)

Eg prøvde å ta litt nærbilder men det var neimen ikkje lett med eit kamera som slår seg vrang;-p 
Men greit å få tatt ein titt på korta kvar for seg og. 





Ha ein herlig mandag:-) 



Pin It

fredag 5. mai 2017

Mixed media layout for Scrappiness

Hei hei:-) Då går det endelig mot helg igjen, og for ei nydelig helg! Eg virkelig elsker denne tida på året:-) 

Blogger for Scrappiness i dag og:-) I dag deler eg ein mixed media layout med video tutorial til. Denne har eg laga som inspirasjon til pågående utfordring som er å laga noko
fargerikt:-) 

Som ny filmlager så har eg ikkje begynt å snakka noko på videoane mine;-p Kan hende det går litt fort her og der, så ikkje nøl med å spør om det er noko du lurer på. 









Produkter
Medium: Finnabair;  Cracklepaste, 3D gel, soft gel eller mod podge
Osteklut
Pynt: Blomster og Ephemera fra Prima

Ha ei nydelig helg:-) 


Pin It