mandag 4. desember 2017

Interaktive kort med Lawn Fawn

Hei hei:-) Då er det endelig mi veke i Scrappiness bloggen igjen og eg har fått ei ny dille:-)

I dag skal eg vise dere to enkle interaktive kort med stempel frå Lawn Fawn. Eg har aldri vært ein kortlager, men ein dag kom eg over kanalen til Lawn Fawn på YouTube og då blei eg brått hekta:-) 
Lawn Fawn sine produkter er som regel ganske små og meint til å passe til eit standard kort. Eg elsker jo alt som er smått og søtt så ikkje rart eg er hekta;-) Og så er det jo veldig kjekt å bruke diesene som høyrer til stemplene då:-) Elsker å poppe dei ferdigfargelagde motiva ut av diesen:-)

Det første kortet er eit Pop-up kort med stempel og dies frå Jump for Joy. Dette var utrulig raskt og morsomt å lage:-) Utsida av kortet er enkelt dekorert med eit "belte" til å holde det igjen, og eit søtt lite stempeltrykk som hadde blitt til overs etter eit anna prosjekt. 


Innsida er laga ved å inke bakgrunnen med Distress ink. Dei søte små dyra frå Jump for Joy koser seg i snøen:-) Dette er egentlig eit høststempel men dyra kan jo brukes året rundt:-) 




Det andre kortet er eit slider kort. Dette er eit litt annerledes julekort:-) Me skal reise vekk i jula, til varmere strøk og bade masse, så då måtte eg berre lage julekort av Duh-nuh stempelet:-) 

Dette kortet knota eg litt meir med. Prøvde først å lage slider mekanismen av sirkler med kartong limt oppå kvarandre, men det blei ikkje tungt nok til at den "slida" skikkelig. I tillegg hadde eg 3D-tapen for nærme toppen av bølgekanten, så halen til haien dunka borti den og laga bråstopp;-) Men fiksa det så no sklir den ganske så bra:-D



Liten film så du får sjå slideren i funksjon:-) 




Produkter:
Lawn fawn Jump for Joy stempel og dies
Lawn fawn Duh-nuh stempel og dies

Ha ein strålande mandag:-) 





Pin It

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren:-)