Viser innlegg med etiketten mixed media. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten mixed media. Vis alle innlegg

onsdag 14. mars 2018

Mixed media tag

Hei hei:-) Min tur hos Scrappiness igjen:-)

I dag viser eg fram ein tag som er litt meir tidkrevande å laga enn LOen eg viste fram på mandag, nemlig ein mixed media tag. Eg elsker denne stilen. Den har uendelig med muligheter og er så utrulig fri:-) Du veit aldri heilt korleis resultatet blir og derfor gjer det ingenting om ein gjer noko "feil" for det er ofte med på å gjer resultatet enda bedre enn ein hadde tenkt:-) Så "happy accidents" er veldig velkommen for min del;-)

Denne tagen er laga av restepapir og restemaling og medium etter eit anna prosjekt. Ofte når eg held på med eit større prosjekt har eg ein tag ved sida av til å ha på restene så dei ikkje går til spille.


For å lage tagen har eg limt på rester av papir, tissue, osteklut og washitape. Deretter har eg hatt på eit tynt lag med gesso for så å spraye med glimmermist. Husk å tørke mellom laga. 



Til å pynte tagen har eg brukt eit bilde fra eit utklippsark og ein del av eit gammalt smykke. 

 Pynten gjekk raskt då smykket utgjer mesteparten av den. Ei fjær og litt Papirdesign klistermerker og bånd og vips så var den ferdig:-) 

Pin It

onsdag 26. juli 2017

Dekorere bokomslag med dongeri:-)

Hei på dåke:-) Blogger for Scrappiness igjen, og i dag vil eg visa korleis eg går fram når eg skal dekorere bokomslag. Det er jo utallige måter å gjer det på, berre fantasien setter grense, men eg ender ofte opp med collage av restepapirer og litt mixed media oppå:-) Det som blei nytt for meg denne gangen er at eg har brukt ei lomme og stoff fra ei ødelagt dongeribukse. Kosa meg veldig når eg laga denne:-)

Så her kommer litt bilder av boka og ein film:-)










Produkter: 
Restepapir, dongeribukse





Pin It

fredag 24. mars 2017

"Lost and found" ~art journal

Hei hei:-) I dag blogger eg for Scrappiness igjen:-)

Hei hei:-) Eg elsker jo som sagt mixed media og nesten alt eg lager har diverse medium på seg;-) Siden månedens utfordring er jo nettopp Mixed media tenkte eg at eg ville inspirere med ei art journal side i dag. Denne mangler eit kriterie til utfordringa då, nemlig eit ikkje scrapperelatert objekt, men det er jo ingen sak å finne;-)

Denne art journal boka er dagboka mi for i fjor. Det som står er meir dagligdagse hendelser. Tankar og følelser eg vil holde for meg sjølv er skjult med uleselig skrift eller bak tags eller luker. Så denne boka kan deles:-) Eg har brukt den litle boka til Dylusion, som er 12,7x20,3 cm, herlig format:-) 


Denne sida er laga ved å skrape på maling i tynne lag med eit plastkort for så å vaske av med våtserviett gjennom stensiler. Dette er i mange lag:-) Eg har og brukt stensiler og tatt maling gjennom. 


 Då eg brukte den kule stensilen fra Tim Holtz kom tittelen på sida naturlig, den passa og i grunnen godt til sitatet og;-) Sammen med stensilen har eg brukt svart distress ink. 



Eg syns ofte det kan være vanskelig å skrive for hånd på sidene så då er ord klistermerker gull:-)


 Eit utklipp, enten fra utklippsark eller eit blad gjer seg som fokuspunkt for sida. Dette har eg fargelagt litt med maling.  Eg har tegna rundt dama med kullblyant og så malt rundt med kvit akrylmaling. Dette får ho til å bli fokuset til sida samtidig som det skaper dybde. 


 Her har eg brukt glimmer mist for å lage "rennere" (kva i alle dager er rett ord for det tru?), Eg brukte ei pipette for å påføre glimmermisten øverst, hold opp boka og lot det renne. Ellers har eg skribla litt her og der med både kvite og svarte pennar. 


Produkter:


Pin It

onsdag 15. februar 2017

Første skuledag og takk for meg hos Papirdesign:-)

Hei hei og god onsdag alle sammen:-) I dag har eg eit innlegg hos Papirdesign.

I dag vil eg dele ein mixed media layout av mi yngste datters første skuledag. Synes den passa ganske bra når det snart kjem fleire som skal ha sin første dag hos Papirdesign:-) Dette blir min siste dag. Litt sånn symbolsk, nokon starter og nokon slutter;-) Det har vært ein drøm å få være med på dette teamet og å få kreere med fantastiske produkter! Håper det eg har laga har inspirert rundt om kring. 
Eg gleder meg til å følge med kva som skjer i bloggen videre og ikkje minst til å "helse på" dei nye medlemmene. Lykke til:-) 

På min siste layout har eg virkelig boltra meg i blomsterhavet du finn hos Papirdesign. Blomster og nydelige papir er det første eg ser for meg når nokon nevner Papirdesign. Så håper min siste layout faller i smak og at eg har ytt desse nydelige produkta rettferdighet. 

Tuuuuuusen takk for meg:-)





Produkter:
Ark: Gledelig jul - PD16227 Stjerneskudd
Blomster: roser, pioner, søte blomster, kirsebærblomster, asalea, små tullipaner
Stempel:
Annet: Utstansede hjerter, kakeservietter


Pin It

onsdag 1. februar 2017

Major case file no. 223 at CSI

It's time for a new case file with a new sketch over at CSI. This time the colors really are some of my favorites! And I just love the little monster on the case file picture, so I had to include my own;-)



And here is my take:


Evidence: speech bubbles, monsters, fabric
Testimony: journal in a speech bubble

I replaced one of the photos in the sketch with a project life card. I just love to use them on my layouts, especially the ones with quotes:-)





Pin It

Steampunk lerret for Scrappiness

Hei hei:-) I dag er eg klar med ein tutorial eg har laga for Scrappiness. Dette må eg sei er eit skikkelig mixed media prosjekt og stilen er steampunk! Eg har virkelig boltra meg i canvas corp brands produkter då eg laga dette lerretet:-)

Liten sniktitt først:


Så kommer det ein seg for steg forklaring. Eg skulle ønska eg kunne ha vist ein film her i stedet. Satser på at det kommer snart;-) Så ikkje nøl med å spørre, veit det er vanskelig å berre sjå bilder...

Du trenger: 
sprayflaske med vatn, diverse pensler
Lim: Eg bruker 3d gel fra Finnabair/Prima til ark, stoff o.l og Glossy accent til småtinga. 
Bakgrunnsmaterialer: mønsterark, tissuepaper, boksider, kort, stoffbiter (eg har brukt canvas og striestoff). 
Pynt: metall, lyspære, knapper, klesklyper (små) chipboard, resin, papirroser, perler, ordklistermerke, hyssing osv
Farger og div medium: Gesso (kvit og klar), pulverkaffe, rustpaste, crakle paste, glimmermist, maling, gelato, Inka gold

Anbefaler og på det sterkeste å ha ein varmepistol eller masse tålmodighet. 

1. 
Start med å finne fram eit lerret og alt mulig av resteark, canvasstoff eller anna stoff, striestoff,  chipboard, metallpynt og anna pynt. Farger har ingenting å seie då det skal dekkes med farge etterkvart. Mitt lerret er brukt til å teste ut noko tidligere. Her kan du godt bruke eit lerret du tidligere har starta på men som ikkje blei heilt som du hadde tenkt. Det skal jo dekkes over likevel;-)


2.
Bruk ein sterk lim til å lime på diverse ark. Eg bruker 3D gel fra Finnabair. Den limer sammen alt:-) Eg planlegger ikkje når eg limer på papirbitene. Men eg liker å ikkje lime ting på skrå og holde alt papiret horisontalt eller vertikalt. Det blir meir behagelig for auga. Men overlapp gjerne papirbitene:-) 

Lim så på ein bit canvas og ein bit strie på midten. Det er fint om du river av litt tråder rundt stoffbitene for å få dei litt frynsete. Desse trådene er fine til å lime på rundt om kring. La limet tørke. 

Så tar du pulverkaffe og strør på litt her og der. Spray så godt med vatn på. Dette skal virke ei stund. Du må gjerne gni litt utover nokon stader og spraye i fleire omganger for å "bevege" kaffen meir. Når det er tørt kan du godt gni av litt av kaffepulveret. Sjølv om mykje av kaffen blir dekka seinere er det med på å skape ein spennende struktur på bakgrunnen og litt herlige, "gamle" flekker. Og så lukter det sååååååå godt:-D



3. 
Lim på litt chipboard. Så er det frem med medium:-) Bruk det du har men gesso er veldig viktig;-) Eg "dabber" på eit tynt lag med gesso over det meste av lerretet. Her har eg brukt både kvit og klar gesso. Den klare har eg der eg ikkje vil dekke det som er i bakgrunnen. I tillegg har eg hatt på crackle paste og rust paste på chipboardene og litt på lerretet. 

Når det er tørt er det klart for pynten:-) Det er veldig gøy å bruke metall du finner rundt om i huset og  i garasjen. Og ekstra gøy er det å finne litt metall skrap ute som er herlig rustent;-) 

Eg har brukt binderser, rustne muttere, sånne "dingser" som er på brusbokser el hermetikk, "gears" (desse finnes også ofte i chipboard eller du kan stanse dei ut med dies), små kleklyper i tre, knapper, smykkedeler, resinblomster, papirroser, små perler.. Her er det berre å bruka fantasien:-)
Perlene har eg hatt oppi smykkedelen og strødd litt rundt om kring. 

Det er lurt å tenke på kva av pynten du vil skal være fokuset på lerretet. Eg har to sommerfugler og eit litt større "vesen" som tar form i midten.. Når limet har tørket så dabber du på litt gesso her og der slik at sprayen har noko å feste seg til. 

 (ikkje så lett å sjå forskjell på dei to nederste kanskje? Men på det det siste bildet har altså pynten fått litt gesso på seg;-)) 

4
Her er midt favoritt steg, nemlig farge! Eg elsker glimmermist. Det er skjelden dei blir til stygge gjørmete farger;-) Velg deg ut to-tre farger gjerne i fleire ulike nyanser. Her har eg valgt orange/gull, blå/turkis og brun, samt litt svart til skygge. Når du sprayer er det viktig at du er NÆRME der du vil ha farge og heller får fargen litt utover ved å spraye vatn på. Tørk og spray i fleire omganger til du er fornøyd:-)

Når det er tørt er det fint å ta på litt kvit gesso med ein tørr pensel der du vil lysne litt opp. Tenk deg kor lyset treffer og motsatt av der du har hatt skygge. Bruk lette strøk. 

Eg har så tatt på litt maling der eg ville forsterke fargene. Den nye malingen til Tattered Angels, "High  Impact paint",  er heilt nydelig og du kan ha den på omtrent alt:-)

Dersom du vil ha på ei lyspære som fokuspunkt så lim den på no. Her kan du bruke det du måtte ønske:-) Det kan og vær veldig fint å klippe ut eit motiv fra eit mønsterark.  

Til slutt bruker eg fingeren til å påføre litt Inka gold på litt av pynten og litt svart gelatos rundt kanten. Gni gelatosen godt utover. 

 Eit klistermerke med eit passande sitat er siste krone på verket! 

For å ramme inn lerretet har eg limt på hyssing rundt kanten. Då brukte eg eit tjukt lag med 3D gel og surret rundt hyssingen. 



Og her er endelig det ferdige resultatet:-) Håper dette inspirerer mange til å leke med mixed media:-)






Du kan og bruke denne teknikken til å pynte Canvas blomster eller andre ting:-)




Produkter:
Lerret (evt treplate, boks eller anna du vil pynte)
Resteark av Tattered angels og tissuepaper, samt diverse anna scraps;-)
Lim
Gesso clear og kvit
Crackle paste gull og kvit
Finnabair Rust paste
Diverse pynt:

Takk for meg:-)



Pin It

onsdag 16. november 2016

Ufordring # 22 hos Scrappiness

Då har tida flydd av gårde igjen og Scrappiness er klar med utfordring # 22:-) Reglene finner du her

Denne gangen skal dere få bryne dere på eit moodboard og en fargepalett. For å ikkje gjer det for vrient trenger dere ikkje bruke aaaalle fargene men me skal tydelig sjå at dere er inspirert av noko fra moodboardet;-)

Oppgaven lyder som følger: 
Bruk minst tre av fargene fra paletten og la dei inspirere av noko frå moodboardet. Skriv gjerne kva som inspirerte deg. 
Utover fargene i paletten er det lov å bruke kvit kartong som bakgrunn. Det er lov med ørsmå innslag av andre farger, som for eksempel grønne blader på blomster. Men ikkje så mykje som å legge til egne grønne blader eller lignende. 

Utover dette står du fritt til å lage kva du vil:-)

Håper dette er ei oppgave som blir gøy for mange å ta fatt på no før julstrida setter skikkelig inn. Og det går faktisk ann å lage juleprosjekter med desse fargane og;-) Lykke til!


Eg har laga ein høst layout inspirert av bildet med bladene heilt til venstre. Eg har brukt alle fargene i paletten. Eg har brukt nokre stifter som ligner på gelatos til å farge bakgrunnen med. Kjempe gøy å splæsje ulike farger sammen med vatn og sjå kva som kjem fram:-)

 Her kan du sjå fargene i bakgrunnen litt nærmare. Det første eg gjorde var å påføre et tynt lag gesso før eg tok på molding paste gjennom ein stensil. Så splæsjet eg på med farger. Det er så gøy å sjå når mønsteret trer fram etterkvart som fargen kommer på:-) Her har eg stort sett brukt vannoppløselige stifter, som gelatos, men og bittelitt glimmermist. 
  Eg liker veldig godt å lage slike små "clusters" (kva heiter det på norsk egentlig?;-)) rundt bildet og holde pynten der. Dette drar virkelig auga til bildet og holder fokuset på det. Eg er og veldig gla i å holde chipboarden naken, og det passa i grunn godt til fargene her. 

Det er ikkje mykje som skal til, her har eg kun brukt washi tape, chipboard, eit journaling kort og ein blomst. Tittelen og er veeeeeldig enkel som du ser;-)


Produkter





Pin It

onsdag 5. oktober 2016

Til Olastovo ~ layout for Papirdesign til Ett Trykk

Hei hei:-) I august var eg og fleire andre fra Papirdesign i Ett trykk for å vise fram dei herlige produkta til Line som driver Papirdesign. Virkelig ei stor ære!

I dag, meeeeget forsinka, viser eg den fram i bloggen til Papirdesign:-)

No er nok høsten kommet.. Sjølv om det enda er ei stund til jul er eg som så mange andre i gong med litt juleprosjekter. Men først vil eg mimre litt tilbake til sommeren og gode minner fra hytta<3 p="">

Hytta vår er over 200 år gammel og ligg på ei lita øy ute i havgapet, Det er paradis på jord og eg syns virkelig at gamle gode "Olastovo" fortjener ein layout. 

Arka fra Muligheter passer perfekt på denne:-) Har kost meg med nydelige ark og blomster i herlige farger. Litt gesso på bakgrunnen og mist som passer ark og pynt. 


Litt detaljer: Tok vekk ordet "Hurra" i "Hurra for deg", passet fint siden denne sida er til Olastovo og at Olastovo er der "for deg":-) I bakgrunnen ser du også blonder og du kan muligens skimte ein kakeserviett som er med å lage struktur i bakgrunnen. 


 Litt meir detaljer... her nyyyydelige blomster<3


Og denne fuglen i tre passa heilt perfekt:-) Ligner litt på nokre av fuglene som bur under husskjegget;-)

Produkter:
Mønsterark: Muligheter PD 16158 Si det med blomster
Klistermerker: PD 111 Grå
Utstansede ord og figurer: PD 16162 Hipp hurra, PD 16164 Hjerter 
Trefigurer: PD 14954 Trefigurer, fugler
Blomster: Krysantemum lys lilla, Roser 1,0 cm, Lys vintage og grå, Pion hvit, Søte blomster grå og vintage lilla
Annet: Kakeservietter, 10 cm 




Pin It