Viser innlegg med etiketten scrappiness. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten scrappiness. Vis alle innlegg

onsdag 2. mai 2018

Art journaling med Jane Davenport produkter

Hei hei:-)

Blogger for Scrappiness i dag og viser fram ei artjournal side eg laga då eg var med å feira bursdagen til tidligere DT medlem Jorunn:-) Det var ei utrulig kosli helg og Lone og tidligere DT Helga Elin var og med:-)

Me kom på at me skulle prøve å laga ei lita løs side til kvar som minne fra helga. Det gjorde me ved å sende rundt ei side 20 ganger der alle gjorde litt kvar gong. Utrulig gøy treff aktivitet og veldig spennande  å sjå resultatet:-)

Eg har stort sett brukt Jane Davenport produkter. Liker du mixed media finner du omtrent alt du trenger i produkta hennar. Eg virkelig digger dei!


Sida er laga ved å lime på papirbiter, washitape og maling. Eg har og limt på stempeltrykk som er på silkepapir. Då ser det nesten ut som om det er stempla direkte i boka og du får eit perfekt trykk. Dette er eit lurt tips dersom du vil ha eit tydelig stempeltrykk i artjournaling, då det kan være svært vanskelig å få til på ein bakgrunn med mykje tekstur og maling. 

Dersom du vil sjå korleis eg går fram når eg lager ei slik side kan du sjekke ut ein tidligere turtorial her:-) 


 Ansiktswashien til Jane Davenport er super å bruke som utgangspunkt til personer:-) 
Møllen er eit stempeltrykk fra Visible Images som har utrulig mange kule stempel!


Her er sida mi med den litle sida me laga i lag. Utrulig artig at den matchet sida mi så bra:-) 



Produkter:
Jane davenport: washitape, gesso og matte medium, maling, mermeid markers, paint over pens, glitz sea markers (glitterpenn)
Visable images: stempel



Pin It

fredag 16. mars 2018

Art journaling

Hei og hopp:-) Då var det helg alt og våren er rett rundt hjørna:-) Guri land kor eg glede meg!

Eg har laga ein slags tutorial, for Scrappiness,  på ei artjournal side og har filma heile prosessen då eg laga sida:-) 





Og litt bilder: 







Ha ei strålande helg:-) 







Pin It

onsdag 14. mars 2018

Mixed media tag

Hei hei:-) Min tur hos Scrappiness igjen:-)

I dag viser eg fram ein tag som er litt meir tidkrevande å laga enn LOen eg viste fram på mandag, nemlig ein mixed media tag. Eg elsker denne stilen. Den har uendelig med muligheter og er så utrulig fri:-) Du veit aldri heilt korleis resultatet blir og derfor gjer det ingenting om ein gjer noko "feil" for det er ofte med på å gjer resultatet enda bedre enn ein hadde tenkt:-) Så "happy accidents" er veldig velkommen for min del;-)

Denne tagen er laga av restepapir og restemaling og medium etter eit anna prosjekt. Ofte når eg held på med eit større prosjekt har eg ein tag ved sida av til å ha på restene så dei ikkje går til spille.


For å lage tagen har eg limt på rester av papir, tissue, osteklut og washitape. Deretter har eg hatt på eit tynt lag med gesso for så å spraye med glimmermist. Husk å tørke mellom laga. 



Til å pynte tagen har eg brukt eit bilde fra eit utklippsark og ein del av eit gammalt smykke. 

 Pynten gjekk raskt då smykket utgjer mesteparten av den. Ei fjær og litt Papirdesign klistermerker og bånd og vips så var den ferdig:-) 

Pin It

mandag 12. mars 2018

Clean & Simple hos Scrappiness

Hei hei:-) No er det lenge sidan eg har hatt innlegg i bloggen til Scrappiness, så det skal bli veldig kjekt å få dele litt igjen:-) 

Eg startar veka mi veldig enkelt og greit med ein clean & simple layout. Når eg ikkje held på med mixed media er det nok denne stilen eg likar best. Her får bilete spela hovedrolla og så er det jo kjekt at det går så raskt å laga og;-) 



Denne layouten er laga ved å male på eit akvarellpapir med Jane Davenport mermeid markers. Så tok eg eit panel i kvit kartong og stansa ut ordet. Deretter limte eg arket eg hadde mala på under panelet og limte det så over på ein kvit bazzil. 


 Ellers er det veldig enkelt pynta med litt hyssing, klistermerke og eit hjerta stansa ut av rester fra eit ark eg har brukt tul å testa ut akvarellmaling. 


Produkter:

Pin It

fredag 8. desember 2017

To interaktive vinterkort

Hei:-) I dag viser eg to interaktive vinterkort i Scrappiness bloggen, eit color-slider-kort og eit shaker kort. Kosa meg veldig når eg laga desse:-) 

Eg har brukt stempel fra Heartfelt og Papirdesign som hovedmotiv. 

Det første kortet er eit enkelt shaker kort, med ein søt snømann fra Papirdesign. 

 Bakgrunnen er påført distress ink. Eg limte så nokre snøbakkar og trær på og dekka alt med vellum. Så limte eg på ein ny snøbakke og eit tre før eg limte på snømannen. Snømannen er fargelagd med Copics og så klippa ut og limt på. Rundt bakgrunnen har eg brukt 3D tape, det kan være ein fordel med dobbelt lag tape for å få kortet til å shake skikkelig. Eg har berre eit lag på dette kortet. På ramma har eg limt eit lag acetate, så putta eg oppi diverse paljetter og glitter før eg la ramma over 3D tapen. 

Ellers er kortet enkelt pynta med tekst fra samme stempelplate som snømannen og matchende kortbase. 

Så var det color-slider-kortet:

Desse små korta har eg fått heilt dilla på:-) Er så gøy å dra opp den kvite skilleveggen og sjå fargene på kortet skifte:-) Her har eg brukt nydelige stempel fra Heartfelt creations "Woodsy critters", eg har brukt diesen som høyrer til for å kutte ut figurene på framsida av kortet. Her er det veldig viktig å få stemplinga heilt perfekt på bakgrunnen og på acetatet. Litt vanskelig kan det være. Eit tips er å holde det stemplede acetatet på plass over bakgrunnsstempelet med washi tape før du limer på ramma. Så berre drar du ut washitapen etterpå. 

Eg liker å holde desse korta enkle på utsida med få farger. 


 Men når du drar i taben..... 


...kommer fargene fram:-) Eg er ein nybegynner på fargelegging, så det er ikkje så veldig fancy enda;-) 

Produkter: 
Stempel: 

Ha ei strålande helg:-) 



Pin It

mandag 4. desember 2017

Interaktive kort med Lawn Fawn

Hei hei:-) Då er det endelig mi veke i Scrappiness bloggen igjen og eg har fått ei ny dille:-)

I dag skal eg vise dere to enkle interaktive kort med stempel frå Lawn Fawn. Eg har aldri vært ein kortlager, men ein dag kom eg over kanalen til Lawn Fawn på YouTube og då blei eg brått hekta:-) 
Lawn Fawn sine produkter er som regel ganske små og meint til å passe til eit standard kort. Eg elsker jo alt som er smått og søtt så ikkje rart eg er hekta;-) Og så er det jo veldig kjekt å bruke diesene som høyrer til stemplene då:-) Elsker å poppe dei ferdigfargelagde motiva ut av diesen:-)

Det første kortet er eit Pop-up kort med stempel og dies frå Jump for Joy. Dette var utrulig raskt og morsomt å lage:-) Utsida av kortet er enkelt dekorert med eit "belte" til å holde det igjen, og eit søtt lite stempeltrykk som hadde blitt til overs etter eit anna prosjekt. 


Innsida er laga ved å inke bakgrunnen med Distress ink. Dei søte små dyra frå Jump for Joy koser seg i snøen:-) Dette er egentlig eit høststempel men dyra kan jo brukes året rundt:-) 




Det andre kortet er eit slider kort. Dette er eit litt annerledes julekort:-) Me skal reise vekk i jula, til varmere strøk og bade masse, så då måtte eg berre lage julekort av Duh-nuh stempelet:-) 

Dette kortet knota eg litt meir med. Prøvde først å lage slider mekanismen av sirkler med kartong limt oppå kvarandre, men det blei ikkje tungt nok til at den "slida" skikkelig. I tillegg hadde eg 3D-tapen for nærme toppen av bølgekanten, så halen til haien dunka borti den og laga bråstopp;-) Men fiksa det så no sklir den ganske så bra:-D



Liten film så du får sjå slideren i funksjon:-) 




Produkter:
Lawn fawn Jump for Joy stempel og dies
Lawn fawn Duh-nuh stempel og dies

Ha ein strålande mandag:-) 





Pin It

lørdag 21. oktober 2017

Male med brusho

Hei hei:-) I dag blogger eg for Scrappiness og viser fram nokre enkle kort laga med eit av mine favoritt produkter, nemlig Brushos:-) Brushos er super høg-pigmentert vannmaling som kommer i pulver form. 

I kvar boks er det små krystaller med farge som til sammen lager den fargen som står på boksen. Nokre har stort sett samme farge, som blå og rød, medan nokre består av mange ulike farger, noko som gjer det utrulig spennende å jobbe med:-) 

Dersom du vil ha fram alle fargesjatteringene så drysser du litt pulver på arket, enten på eit ark som er vått, eller som du sprayer etterpå. Vil du ha ein "solid" farge kan du blande pulveret med vatn på paletten. 

Du kan lese meir om produktet her

Eg bruker brusho mest til bakgrunner men har lenge hatt lyst til å prøva å male med dei:-) Så i dag viser eg fram nokre kort med blomster mala med brusho. Blomstene er mala ved å først male dei med reint vatn og så drysse oppi pulveret. Då får eg fram dei nydelige fargesjatteringene:-)


Dersom du skal bruke fleire farger er det viktig at du bruker ein og ein og lar det tørke skikkelig før du tar neste. Overflødig pulver på bakgrunnen koster du vekk med ein tørr pensel eller blåser vekk med varmepistolen. Men det kan og være nydelig å blande farger:-)

På dette kortet har eg brukt fargene scarlet, orange og yellow. 

Som du ser på dette kortet har eg brukt to ulike farger. Desse er og fine og la gå over i kvarandre, men då hadde eg ikkje fått det tydlige skillet mellom blomstene. Derfor lot eg dei rød/orange tørke skikkelig før eg laga dei gule. 

Stempeltrykket har eg og holdt unna brusho. Då eg mala blomstene bak feen var eg berre forsiktig med å ikkje få vatn på feen. Dryssa på brusho og lot det tørke før eg så kosta vekk pulver fra feen. 

Det neste kortet har eg valgt å holde litt avstand mellom blomstene. Så her kunne eg drysse på alle blomstene samtidig. 
Her har eg brukt fargene turquoise og sea green. 


 Når du jobber med brushos er det viktig at du bruker eit godt papir, gjerne akvarell eller andre papir som tåler mykje vatn. Eg har brukt water media papir fra Ken Oliver. 


 Her kan du sjå at den turkise fargen er veldig solid medan sea green består av fleire ulike farger:-)


 Produkter: 
Stempel fra Papirdesign, "Dagen i dag" og "Ekte venner"
Stempeltrykk av fe er ukjent. 


Ha ein strålande lørdag:-)





Pin It

onsdag 18. oktober 2017

Raskt kort med Washi tape

Hei hei:-) Her i vest skinner endelig sola og det ligger an til å bli ein nyyyyydelig høstdag! I dag blogger eg for Scrappiness:-)

Mange scrappere har ganske så mange ruller washi tape liggende og bruker det litt for sjelden;-) Så i dag tenkte eg å vise fram eit kort der du får brukt mykje Washi tape, og det går utrulig raskt å lage:-)


Kortet er ganske enkelt laga ved å lime på washi på kartong og så stanse ut ein kant som limes over:-) Tok ikkje mange minutter for å sei det sånn;-) 


Eg såg dette kortet på nettet og der var det første gang eg såg kvit tekst på kvit bakgrunn, så det måtte prøves. Syns det var ganske stilig i grunn eg:-)



Produkter:

Ha ein strålande høstdag:-) 


Pin It

fredag 8. september 2017

Feriealbum

Hei hei:-) Håpar alle har hatt ei fin veka og er klar for helg:-) Kanskje helga skal tilbringes med litt scrapping? Og kanskje dåke skal scrappe sommerminner? Det er i alle fall det eg har gjort og eg håper eg kan inspirere med eit laaaaaangt blogginnlegg for Scrappiness i dag;-) 

Eg har nemlig laga eit feriealbum med ikkje mindre enn 143 (!) bilder i. Eg prøvde virkelig å begrensa meg men det var rett og slett ikkje mulig;-) Så dette little, men tjukke albumet (måler 15x15) inneholder flapper og tager og mange skjulte bilder. Det blir eit lite bilderas, men alle detaljer får dåke ikkje sjå.. burde egentlig laga ein liten video for å få vist fram albumet skikkelig.. 

Eg er kraftig inspirert av Helga Elin sine minialbum, det eine laga ho då me var på scrappetur i vinter og var utrulig kjekt å sjå bli til:-) 

Eg har brukt nyyyydelige ark fra 49 Market - sand & sea. Eg har virkelig kosa meg med dette albumet og gleder meg til å sitte å bla i det i høststormane og lengte tilbake til sommer og sol:-)


Albumet er laga ved å lime sider som er bretta sammen og så har eg laga perm av chipboard og bølgepapp. Eg har ikkje pynta så veldig mykje, for arka er så utrulig nydelige i seg sjølv. 



Boka var ganske flat når eg starta, men er god og "chunky" no:-)


Her ser dåke ein tag som kan flippes og skjuler bilder på baksida og under. Dei fleste bildene kan og flippes og har gjerne eit bilde på baksida og eit bilde eller plass til tekst under. Her er det og ei lomme med ein tag inni, som og har bilder på seg;-)



 I tillegg til å la arka stå for pynten har eg brukt ephemera fra Fancy pants, Studio light og Tim Holtz.


 Aller flipper/flapper/flopper eller kva det heiter er festa med washitape. 


Klistermerker fra Papirdesign er jo perfekt å bruke, særleg sidan dei er på norsk;-)  

  
Eg har skrive ein del til bildene på pc og skrive ut på bazzil. 


 Alle kantene er sverta med distress ink. 





 Mangler litt journaling her og der men det tar eg nok ein mørk haustkveld;-)


 Tagen på bildet under fant eg i "Halvferdige tager boksen" min og den passa jo perfekt. Denne er kjørt gjennom big shoten med ein embossing folder. 




Tagen og bildet over, på baksida. 

 Desse bildene er fra dei utrulig kunstneriske gatene i stavanger og derfor fant eg ut at dei trengte litt ekstra liv og kunstpreg. Limte derfor inn ein tag laga med gelli printing.


Nokre litt meir pynta sider på slutten her.. Særlig bursdagsfeiring må ha litt ekstra:-)



 Tagen i lomma på sida over. 


 Bursdagssida når ein flipper ut flappene;-) 




Produkter

Ark: 49 Market - sand & sea.
Klistermerker fra Papirdesign og diverse produsenter

Då ønsker eg alle ei herlig helg:-) 




Pin It