lørdag 21. oktober 2017

Male med brusho

Hei hei:-) I dag blogger eg for Scrappiness og viser fram nokre enkle kort laga med eit av mine favoritt produkter, nemlig Brushos:-) Brushos er super høg-pigmentert vannmaling som kommer i pulver form. 

I kvar boks er det små krystaller med farge som til sammen lager den fargen som står på boksen. Nokre har stort sett samme farge, som blå og rød, medan nokre består av mange ulike farger, noko som gjer det utrulig spennende å jobbe med:-) 

Dersom du vil ha fram alle fargesjatteringene så drysser du litt pulver på arket, enten på eit ark som er vått, eller som du sprayer etterpå. Vil du ha ein "solid" farge kan du blande pulveret med vatn på paletten. 

Du kan lese meir om produktet her

Eg bruker brusho mest til bakgrunner men har lenge hatt lyst til å prøva å male med dei:-) Så i dag viser eg fram nokre kort med blomster mala med brusho. Blomstene er mala ved å først male dei med reint vatn og så drysse oppi pulveret. Då får eg fram dei nydelige fargesjatteringene:-)


Dersom du skal bruke fleire farger er det viktig at du bruker ein og ein og lar det tørke skikkelig før du tar neste. Overflødig pulver på bakgrunnen koster du vekk med ein tørr pensel eller blåser vekk med varmepistolen. Men det kan og være nydelig å blande farger:-)

På dette kortet har eg brukt fargene scarlet, orange og yellow. 

Som du ser på dette kortet har eg brukt to ulike farger. Desse er og fine og la gå over i kvarandre, men då hadde eg ikkje fått det tydlige skillet mellom blomstene. Derfor lot eg dei rød/orange tørke skikkelig før eg laga dei gule. 

Stempeltrykket har eg og holdt unna brusho. Då eg mala blomstene bak feen var eg berre forsiktig med å ikkje få vatn på feen. Dryssa på brusho og lot det tørke før eg så kosta vekk pulver fra feen. 

Det neste kortet har eg valgt å holde litt avstand mellom blomstene. Så her kunne eg drysse på alle blomstene samtidig. 
Her har eg brukt fargene turquoise og sea green. 


 Når du jobber med brushos er det viktig at du bruker eit godt papir, gjerne akvarell eller andre papir som tåler mykje vatn. Eg har brukt water media papir fra Ken Oliver. 


 Her kan du sjå at den turkise fargen er veldig solid medan sea green består av fleire ulike farger:-)


 Produkter: 
Stempel fra Papirdesign, "Dagen i dag" og "Ekte venner"
Stempeltrykk av fe er ukjent. 


Ha ein strålande lørdag:-)





Pin It

onsdag 18. oktober 2017

Raskt kort med Washi tape

Hei hei:-) Her i vest skinner endelig sola og det ligger an til å bli ein nyyyyydelig høstdag! I dag blogger eg for Scrappiness:-)

Mange scrappere har ganske så mange ruller washi tape liggende og bruker det litt for sjelden;-) Så i dag tenkte eg å vise fram eit kort der du får brukt mykje Washi tape, og det går utrulig raskt å lage:-)


Kortet er ganske enkelt laga ved å lime på washi på kartong og så stanse ut ein kant som limes over:-) Tok ikkje mange minutter for å sei det sånn;-) 


Eg såg dette kortet på nettet og der var det første gang eg såg kvit tekst på kvit bakgrunn, så det måtte prøves. Syns det var ganske stilig i grunn eg:-)



Produkter:

Ha ein strålande høstdag:-) 


Pin It

mandag 16. oktober 2017

Utfordring # 10 hos Scrappiness - miniartjournal

Hei hei:-) Min tur hos Scrappiness igjen:-) Ser det er lenge siden eg har blogga no. Litt treig av meg;-)


Då er høsten kommet og mange benytter ruskete høstkvelder til hobbytid:-) Eg er ikkje klar for juleprosjekter enda men boltrer meg i alle slags farger for å lyse opp litt i mørket.
Denne gangen blir utfordringen å bruke maling på det du lager, og det skal være nok maling til at det legges merke til;-)
Du kan lage kva du vil, LO, kort, boks. ATC osv.
Reglene for å bli med på utfordringen finner du HER.

Eit lite inspirasjons bidrag fra meg:-)





Eg har laga eit par sider i mini artjournalen min:-) Denne er laga på kurs med Kate Crane for ei stund sidan. Utrulig inspirerande og så gøy å jobbe i ei så liten bok:-) 

Sidene er laga med bakgrunn laga med akrylmaling som er påført med brayer og gjennom stensiler. Så er det stemplet med ulike farger på bakgrunnen og doodlet litt med kvit gel penn. Enkelt pynta med klistermerker og die cuts el utklipp fra gamle bilder. 

Produkter: 
klistermerker

Håper du er klar for å leke deg litt med maling og tar utfordringen:-)







Pin It