Viser innlegg med etiketten tutorial. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tutorial. Vis alle innlegg

søndag 15. mai 2016

Tutorial for Papirdesign

Hei hei:-) Håpar alle nyter pinsen med venner og familie, og kanskje litt scrapping?

I dag har eg ein steg for steg tutorial på ei enkel tagbok, for Papirdesign. Det er vel egentlig forsida eg har laga tutorialen til, innsida består av tags eg har brukt gelli plate printing på. Når eg først tar fram gelli plata blir det maaaaange trykk. Då er ei slik bok perfekt å lage, og i denne skal eg samle ferieminner.

Først ein liten smakebit av den ferdige forsida:-) Håpar dåke liker den og får lyst til å prøve noko lignande:-)


Det første du gjer er å brette ein tag i to, bruk gjerne ein stor tag. Det er lurt å legge eit ark inni for å beskytte tagen fra å klistre seg sammen eller søle inni. 


Lim på osteklut og silkepapir med trykk (evt stempel) på bakgrunnen. Du kan og bruke bokark. Her er det lurt å bruke gel medium eller decopage lim og påføre med pensel.


Lim på litt resteark og meir silkepapir eller bokark. Dersom du har clear gesso er det lurt å ta dette på heile forsida for å lage ein god base for misten som kommer seinere.
Inni boka har eg lagt ein bunke med tags, bruk gjerne tags du har brukt til å prøve ut teknikker o.l. Dei er festa enkelt med stiftemaskin:-) Her skal eg lime inn små bilder og ferieminner seinere. 
 Så kan du fortsette på framsida. Her har eg brukt kakeserviett, treord, blonde, skjell og fersvannsperler. Det er viktig å bruke ein sterk lim og la den tørke godt.

Så har eg påført gesso over heile forsida. Legg på eit tynt lag slik at du ikkje dekker til alt. Du kan gjerne gå over med ein våtserviett etterpå for å få litt ulike nyanser på bakgrunnen. Pynten får og litt gesso på seg for å få feste til misten. Eg har og dryssa litt embossing pulver rundt om kring og varma det opp,.

Så er det klart for mitt favoritt steg, nemlig mist! Eg er veldig gla i glimmermist. Dei ulike fargene går så godt sammen uten at det berre blir ei brun smørje;-) Det er lurt å spraye litt vatn på bakgrunen og holde misten nærme der du vil ha farge. Gjer dette i fleire lag og tørk godt mellom kvart lag.

Her har eg blanda litt gesso med vatn og splætter på med ein liten pensel. Splætt gjerne litt med mist og:-) 
 Sånn blei forsida mi:-) Kjekt med ei lita bok å sjå i når ein vil drømme seg tilbake til ferien:-)
 Baksida har fått litt mist og enkel pynt i form av eit klistermerke.
 Boka inni er ikkje påbegynt enda. Eg har ikkje heilt bestemt meg enda for om den skal kles med mønsterark eller berre tekst fra ferien.
 Og så eit lite detaljbilde til slutt. Eg virkelig ELSKER korleis skjellene blir når dei får litt herlige farger på seg:-)

Produktliste: 
Resteark
Pynt: Trefigurer PD 14956 sommer, klistermerker PD 15046, Perfekt, blonder, kakeserviett, 

Takk for meg, håper dåke likte det:-)




Pin It

onsdag 23. september 2015

Gelli plate tutorial

Hei hei:-)

Tid for ein tutorial hos Kreativ Scrapping igjen, og denne gangen vil eg vise fram eit heilt fantastisk produkt - nemlig gelli plata:-) Denne plata brukes til å lage trykk, fortrinnsvis med akrylmaling, på papir, stoff, lerret osv. Trykka du lager kan brukes til alt mulig; tags, bakgrunner på kort og layouter, art journaling, trykk på tøynett eller rett og slett settes i rammer.
Det er og ein heilt super aktivitet for småbarnsfamiler:-)

Eg skal vise fram trykk på papir og eg har brukt Amsterdam akrylmaling. Eg har brukt mange ulike gelli plates til denne tutorialen.

For å trykke med gelliplate trenger du; Gelli plate, akrylmaling, brayer, ark (gjerne litt tjukke, eg har brukt 140 g), catalyst verktøystensiler eller andre ting å lage mønster og struktur med. Bruk alt mulig rart til å lage mønster, som tomme doruller, utstansede figurer og negativet etter du har stansa ut, bobleplast, plastfolie, blader, fjær osv.

Det viktigste verktøyet vil eg sei er hendene dine:-) Mange bruker brayeren til å stryke over arket som blir trykket på plata, men med hendene har du meir kontroll og kan legge ulikt press på arket.

Eg starta med den minste Gelli plata som er 3x5 inch.  Den er perfekt til tags, eller til å bruke som stempel.



Eg laga nokre grønne og:-)





Eg vasker omtrent aldri plata mellom kvart trykk. Det dukker opp små fargeskattar her og der nemlig:-) Men eit tjukt lag med kvit og mykje stryking (med hardt press), tømmer plata ganske bra for farge. 



Videre brukte eg ei rund gelli plate. 



Her er nokre tags som blei til undervegs. Foam stamps er forresten heilt supre å bruke sammen med maling. I butikken finner du bl.anna materiale til å lage slike sjølv:-)



Den siste plata eg har brukt er den største som er 12x14 inch, min absolutte favoritt. Men her trenger du mykje maling og må jobbe raskt;-) Catalyst verktøya er supre å bruke for å lage mønster på bakgrunnen:-) 




Eit av trykka eg fekk då eg overlappa fleire ark på plata. 



Eg kan absolutt anbefale Gelli plates i str 6x6 og 8x10. Sistnevnte bruker eg mest men den har visst blitt igjen ein plass etter eit treff;-p

Og kva bruker eg så alle desse trykka til? 
Alt mulig:-) Mest art jornaling, og desse skal bli til ei art journal bok. Berre vent så får dere sjå i eit seinare innlegg:-)

Takk for meg:-)

Pin It