Viser innlegg med etiketten vinter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vinter. Vis alle innlegg

fredag 8. desember 2017

To interaktive vinterkort

Hei:-) I dag viser eg to interaktive vinterkort i Scrappiness bloggen, eit color-slider-kort og eit shaker kort. Kosa meg veldig når eg laga desse:-) 

Eg har brukt stempel fra Heartfelt og Papirdesign som hovedmotiv. 

Det første kortet er eit enkelt shaker kort, med ein søt snømann fra Papirdesign. 

 Bakgrunnen er påført distress ink. Eg limte så nokre snøbakkar og trær på og dekka alt med vellum. Så limte eg på ein ny snøbakke og eit tre før eg limte på snømannen. Snømannen er fargelagd med Copics og så klippa ut og limt på. Rundt bakgrunnen har eg brukt 3D tape, det kan være ein fordel med dobbelt lag tape for å få kortet til å shake skikkelig. Eg har berre eit lag på dette kortet. På ramma har eg limt eit lag acetate, så putta eg oppi diverse paljetter og glitter før eg la ramma over 3D tapen. 

Ellers er kortet enkelt pynta med tekst fra samme stempelplate som snømannen og matchende kortbase. 

Så var det color-slider-kortet:

Desse små korta har eg fått heilt dilla på:-) Er så gøy å dra opp den kvite skilleveggen og sjå fargene på kortet skifte:-) Her har eg brukt nydelige stempel fra Heartfelt creations "Woodsy critters", eg har brukt diesen som høyrer til for å kutte ut figurene på framsida av kortet. Her er det veldig viktig å få stemplinga heilt perfekt på bakgrunnen og på acetatet. Litt vanskelig kan det være. Eit tips er å holde det stemplede acetatet på plass over bakgrunnsstempelet med washi tape før du limer på ramma. Så berre drar du ut washitapen etterpå. 

Eg liker å holde desse korta enkle på utsida med få farger. 


 Men når du drar i taben..... 


...kommer fargene fram:-) Eg er ein nybegynner på fargelegging, så det er ikkje så veldig fancy enda;-) 

Produkter: 
Stempel: 

Ha ei strålande helg:-) 



Pin It

onsdag 16. november 2016

Nyt livets små gleder ~ DT Papirdesign

Hei hei og god onsdag i gråværet;-) Her på Vestlandet er de ti alle fall gråvær, slik som det pleier på denne tida av året;-P

Eg har laga ein vinter layout for Papirdesign, som er skikkelig grå, men ikkje trist. Det er sjelden me er så heldige å få kvit jul, i fjor var ikkje noko unntak.. MEN me fekk litt snø i romjula! Den blei raskt til slaps men jentene rakk å laga snømann i alle fall:-)



Då eg skulle bygge opp bakgrunnen brukte eg ein stensil som eg hadde gløymt å vaske... Eller ikkje gløymd, men vore for lat til å vaske;-D Den hadde gul mist på seg så då blei jo avtrykket av stensilen litt gult og. Men eg kom raskt fram til at det passer jo perfekt til å vise korleis snøen fort blir her i vest. Er ikkje ofte me har perfekte kalde dager, med skinnende kvit snø og blå himmel. Så med litt kvit og grå pan pastel over blei fargene nokså like dei som var denne dagen:-)

 
Det er ikkje ofte eg lager PL-sider men kortene fra klippearkene bruker eg flittigt uansett:-) Eg er og veldig glad i å bruke trefigurene slik som dei er og her syns eg det passa perfekt:-)

Produktliste:
Mønsterark: Gledelig jul - PD 16214 Pepperkakefest, PD 16218 Julemorgen
Klistermerker: PD15048 Vintersmil
Pynt: Chipboard ord, Trefigurer, vinter PD14955


Pin It

mandag 14. november 2016

Kjølig layout i Scrappiness bloggen

Hei hei:-) Endelig er det mi veka igjen i Scrappiness bloggen:-) 

Jula nærmer seg med stormskritt og eg er så vidt i gong med litt julekort og diverse. Men eg begynner veka mi med ein skikkelig kjølig layout laga med eit nyyyyydelig mønsterark fra Pion Design. 

Denne hadde vel egentlig passa best i februar då, men her har det vært skikkelig kaldt i det siste så eg blei i stemning til å lage ein Vinter LO. Dette arket skulle eg egentlig bruke til eit julekort, men eg fekk meg faktisk ikkje til å dele det opp;-p Og så passa det jo så godt til bilde som blei tatt på ein kald skogstur:-)

Layouten er rimelig enkelt laga. Først stansa eg litt nokre plasser rundt kanten og reiv og rulla litt;-) Så brukte eg gesso på bakgrunnen og litt på kantane. 



I bakgrunnen har eg stemplet og embosset eit av dei nydelige nye stemplene til Papirdesign. For å få dei bedre fram har eg spraya med ein lys blå glimmermist. Ellers er pynten enkel med litt blomster, klistermerker og perler. 


Mønsterarket har eg limt på kvit bazzil som har fått litt gesso på seg. Så har eg gått over med distress ink på kantene av mønsterarket og bazzilen. 


Produkter:

Pynt: 
Klistermerker og bokstaver fra Papirdesign

Det var alt fra i dag:-) Snakkes på onsdag med månedens utfordring!


Pin It

søndag 6. november 2016

Novemberutfordring hos Papirdesign

No er virkelig vinteren på vei og det er godt å sitte inne i mørket å holde på med ulike hobbyaktiviteter:-) Då passer det jo perfekt at novemberutfordringa til Papirdesign er klar:-)


Vinteren har senket seg over landet vårt, kanskje daler snøen stille ned akkurat der du bor ♥
Det nærmer seg jul, og noen er gjerne allerede godt i gang med årets juleprosjekter.

Utfordringen vår denne gangen er derfor:
VINTERGLEDE

Du kan lage hvilke papirprosjekt du vil så lenge vi kan se at utfordringen er løst :)

Eg har laga ein layout med eit vinterbilde av minstejenta fra den tida ho fortsatt satt i vogn. 

Eg virkelig digger dei nye stemplene og diesene til Papirdesign! Her har eg stempla med grantrær som eg har embosset. Så har eg stansa ut grantrær som eg har pynta med litt glitterlim. Syns dette gav ein fin dybde til layouten og fekk inn følelsen fra turen me var på i ein snødekt skog.


Produkter
Ark: "Gledelig jul": PD16199 Snø i luften, PD16216 Vinter og snø
Stempel: PD16180 Julestjerne, PD16181 Julenek
Dies: PD16220 Juletre
Klistermerker: PD 14944 Vinter
Blomster: hvite julestjerner, søte blomster turkis
Annet: PD14955 Trefigurer vinter, perler




Pin It

mandag 29. desember 2014

Snow!

I hope everyone is enjoying the christmas holiday. Here we got some snow and the children are having so much fun!

Finally I found the time to create again and found some great inspiration over at Scrap Around the World. 



Here is my take on this moodboard. I was inspired by the colors and the winter theme:





Pin It

tirsdag 3. desember 2013

Skissedilla sketch # 230

Tenk at det allerede er desember! Utrulig kor tida flyr! Ny måned betyr ny skisse hos Skissedilla. Håpar du finner litt tid til og væra med på denne:-)

Denne kule skisse er det Laetitia som har laga for oss:-)




Pin It

lørdag 26. oktober 2013

winter of 86 - csi # 95

Ny oppgåve inne hos CSI! Denne gongen var det ganske så vinterlige fargar og eit av vitnesbyrd kriteria var og dokumentera eit gammelt minne. Eg har då scrappa eit bilde av meg og søskenbarnet mitt då me var rundt 4 år:-)





































Evidence: paint, book pages, fabric, flowers, metal
Testimony: document an old memory (on the tag)
Pin It

onsdag 17. april 2013

White with 1

Kom plutselig på at eg hadde glømt og legge ut denne.. Aaaaalt for seint;-)
Veldig gøy om du vil væra med og leke med White with 1:-)

APRIL'S CHALLENGE IS...
WHITE + YELLOW + SKETCH (below)
 
 
 
 
Pin It

lørdag 9. februar 2013

Snow Love

Februar oppgåva hos White With 1 er ute og denne gangen var oppgåva:

WHITE + PINK + HEARTS

Mitt bidrag denne gongen er av ei smørblid Nora Sofie som ELSKAR snø:-)

 
Pin It

søndag 3. februar 2013

Skissedilla sketch # 196

Søndag igjen og ny skisse hos Skissedilla:-) Denne vekas skisse er laga av Brit. Ta turen inn og sjekk ka alle har laga. Håpar du blir inspirert til å væra med:-) Super premie fra the Flying Unicorn denne gongen!



Her er mitt bidrag:-)


Pin It

torsdag 17. januar 2013

Kos i snøen

Årets papiralong hos CASAkreativ er i gong! Håpar eg greier alle oppgåvene i år og. Dei er så utrulig flotte og varierte og er med på å holde scrappedrivet oppe:-)

Januar oppgåva lyder som følger:
Farger: kun hvit og bruntoner
Element som skal med: Snøkrystaller

Mitt første bidrag er eit kjempe koslig bilde frå vinterens første snø. Det blei ein skikkelig kose dag utanfor huset med akebrett, snømann, prøving av ski og selvfølgelig KAKAO:-)


Pin It

onsdag 10. oktober 2012

Jul i Blåfjell

Endelig har eg fått scrappa dette bildet av Helle Alida som er såååå kry for at ho har fått blånissehua:-) Begynner og nærme seg vinter no så då kan eg gå over i den modusen;-)

Her har eg kosa meg skikkelig med maling og mist og klæsja på litt forskjellig:-) Liker veldig godt effekten av mist på våt maling. Endelig har eg fått tatt i bruk Silhouette maskinen igjen og. Har kutta ut tittel og snøkrystaller og brukt mist på dei. Må bli flinkale og bruka den maskina altså..

Denne leverer eg til Kraft It Up sin oktober utfordring som lyder som følger;

"October at Kraft It Up is MISTING month, your challenge is to create a layout on Kraft cardstock or Kraft patterned paper showcasing some great techniques/looks with mists."

Skal nok prøve fleire utfordringar her for der inne er det mykje kul inspirasjon!

"Finally I got scrapped this picture of  Helle Alida where is soooo proud that she has received a "blånissehua" :-) This is a knitted "hat" the gnomes use in a TV-show, called Christmas in Bluemountain,  we have here in Norway that is counting down the days to christmas.

Here I've played with plenty of paint and mist:-) Love the effect mist get on wet paint. And finally I have  used my Silhouette machine again to. I've cut out the title and the snowcrystals and then sprayd some mist on them to.

"October at Kraft It Up is dropping month, your challenge is two create a layout Wed Kraft cardstock or patterned Kraft paper showcasing some great techniques / looks with mists."

 
 Will probably try more challenges here, there is a lot of cool inspiration!




 
Pin It

onsdag 7. mars 2012

Morro i snøen


 Denne skissa til DT-callen hos skissedilla MÅTTE eg prøva! (måtte jo søka og, hehe;-) Kom ikkje med då;-))

Denne dagen var det endelig masse snø og me "lufta" jentene på terassen. Det har ikkje vore så lett for Nora Sofie å bevega seg ute på klink-isen. I mangel på akebrett gjorde snøskuffa jobben. Kjempe stas! ,




Pin It