Viser innlegg med etiketten kort. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kort. Vis alle innlegg

mandag 4. desember 2017

Interaktive kort med Lawn Fawn

Hei hei:-) Då er det endelig mi veke i Scrappiness bloggen igjen og eg har fått ei ny dille:-)

I dag skal eg vise dere to enkle interaktive kort med stempel frå Lawn Fawn. Eg har aldri vært ein kortlager, men ein dag kom eg over kanalen til Lawn Fawn på YouTube og då blei eg brått hekta:-) 
Lawn Fawn sine produkter er som regel ganske små og meint til å passe til eit standard kort. Eg elsker jo alt som er smått og søtt så ikkje rart eg er hekta;-) Og så er det jo veldig kjekt å bruke diesene som høyrer til stemplene då:-) Elsker å poppe dei ferdigfargelagde motiva ut av diesen:-)

Det første kortet er eit Pop-up kort med stempel og dies frå Jump for Joy. Dette var utrulig raskt og morsomt å lage:-) Utsida av kortet er enkelt dekorert med eit "belte" til å holde det igjen, og eit søtt lite stempeltrykk som hadde blitt til overs etter eit anna prosjekt. 


Innsida er laga ved å inke bakgrunnen med Distress ink. Dei søte små dyra frå Jump for Joy koser seg i snøen:-) Dette er egentlig eit høststempel men dyra kan jo brukes året rundt:-) 




Det andre kortet er eit slider kort. Dette er eit litt annerledes julekort:-) Me skal reise vekk i jula, til varmere strøk og bade masse, så då måtte eg berre lage julekort av Duh-nuh stempelet:-) 

Dette kortet knota eg litt meir med. Prøvde først å lage slider mekanismen av sirkler med kartong limt oppå kvarandre, men det blei ikkje tungt nok til at den "slida" skikkelig. I tillegg hadde eg 3D-tapen for nærme toppen av bølgekanten, så halen til haien dunka borti den og laga bråstopp;-) Men fiksa det så no sklir den ganske så bra:-D



Liten film så du får sjå slideren i funksjon:-) 




Produkter:
Lawn fawn Jump for Joy stempel og dies
Lawn fawn Duh-nuh stempel og dies

Ha ein strålande mandag:-) 





Pin It

lørdag 21. oktober 2017

Male med brusho

Hei hei:-) I dag blogger eg for Scrappiness og viser fram nokre enkle kort laga med eit av mine favoritt produkter, nemlig Brushos:-) Brushos er super høg-pigmentert vannmaling som kommer i pulver form. 

I kvar boks er det små krystaller med farge som til sammen lager den fargen som står på boksen. Nokre har stort sett samme farge, som blå og rød, medan nokre består av mange ulike farger, noko som gjer det utrulig spennende å jobbe med:-) 

Dersom du vil ha fram alle fargesjatteringene så drysser du litt pulver på arket, enten på eit ark som er vått, eller som du sprayer etterpå. Vil du ha ein "solid" farge kan du blande pulveret med vatn på paletten. 

Du kan lese meir om produktet her

Eg bruker brusho mest til bakgrunner men har lenge hatt lyst til å prøva å male med dei:-) Så i dag viser eg fram nokre kort med blomster mala med brusho. Blomstene er mala ved å først male dei med reint vatn og så drysse oppi pulveret. Då får eg fram dei nydelige fargesjatteringene:-)


Dersom du skal bruke fleire farger er det viktig at du bruker ein og ein og lar det tørke skikkelig før du tar neste. Overflødig pulver på bakgrunnen koster du vekk med ein tørr pensel eller blåser vekk med varmepistolen. Men det kan og være nydelig å blande farger:-)

På dette kortet har eg brukt fargene scarlet, orange og yellow. 

Som du ser på dette kortet har eg brukt to ulike farger. Desse er og fine og la gå over i kvarandre, men då hadde eg ikkje fått det tydlige skillet mellom blomstene. Derfor lot eg dei rød/orange tørke skikkelig før eg laga dei gule. 

Stempeltrykket har eg og holdt unna brusho. Då eg mala blomstene bak feen var eg berre forsiktig med å ikkje få vatn på feen. Dryssa på brusho og lot det tørke før eg så kosta vekk pulver fra feen. 

Det neste kortet har eg valgt å holde litt avstand mellom blomstene. Så her kunne eg drysse på alle blomstene samtidig. 
Her har eg brukt fargene turquoise og sea green. 


 Når du jobber med brushos er det viktig at du bruker eit godt papir, gjerne akvarell eller andre papir som tåler mykje vatn. Eg har brukt water media papir fra Ken Oliver. 


 Her kan du sjå at den turkise fargen er veldig solid medan sea green består av fleire ulike farger:-)


 Produkter: 
Stempel fra Papirdesign, "Dagen i dag" og "Ekte venner"
Stempeltrykk av fe er ukjent. 


Ha ein strålande lørdag:-)





Pin It

onsdag 18. oktober 2017

Raskt kort med Washi tape

Hei hei:-) Her i vest skinner endelig sola og det ligger an til å bli ein nyyyyydelig høstdag! I dag blogger eg for Scrappiness:-)

Mange scrappere har ganske så mange ruller washi tape liggende og bruker det litt for sjelden;-) Så i dag tenkte eg å vise fram eit kort der du får brukt mykje Washi tape, og det går utrulig raskt å lage:-)


Kortet er ganske enkelt laga ved å lime på washi på kartong og så stanse ut ein kant som limes over:-) Tok ikkje mange minutter for å sei det sånn;-) 


Eg såg dette kortet på nettet og der var det første gang eg såg kvit tekst på kvit bakgrunn, så det måtte prøves. Syns det var ganske stilig i grunn eg:-)



Produkter:

Ha ein strålande høstdag:-) 


Pin It

fredag 1. september 2017

Gjestedesigner hos Hobbygarasjen ~ september utfordring

Hei hei:-)

Eg er så heldig å få gjeste Hobbygarasjen i nokre månedar framover:-) Eg hadde eit bidrag i August som eg har glømt å blogge, i tillegg er dei klar med september utfordringa som inneholder

GLITTER!

Først bidraget mitt fra forrige mnd.

Oppgava var å bruke tall og det blei enkelt å velge å lage eit bursdagskort;-)

Eg har brukt malingen Starlight paint fra Imaginations craft på dette i fargene sax blue og apple green.
Nyyyydelig maling og for ein dekkevne!
Tok kun eit strøk på tallet uten noko form for grunnarbeid.
Malingen lager og eit nydelig skimmer der eg har hatt den på bakgrunnen.



Så til glitteroppgåva:-) Eg har laga ein tag med sparkle medium  fra Imagination craft som eg har lagt inni kortet over;-) Mediumet har eg påført gjennom ein stensil også fra Imagination craft og det gir ein heilt herlig glittereffekt:-)



Pin It

mandag 24. juli 2017

Kort med sjølvlaga blomar av dongeri

Hei hei:-) Me har hatt ei heilt nydelig veka her i vest og håper denne blir like fin:-) I dag er det min tur igjen i Scrappinessbloggen:-) Eg har faktisk scrappa litt i finveret eg og laga inspirasjon til utfordrinen som pågår no: 


Håper mange blir med på denne:-)

Som så mange andre scrappere samler eg på ALT. Blandt anna ødelagte klær.. Så denne veka har eg brukt stoff fra ei hullete dongeribukse. I dag vil eg visa eit enkelt kort med svært enkle heimelaga dongeriblomster:-)


Kortet er laga av ein stor tag som er bretta. Alle produkta, bortsett fra dongeristoffet er Tim Holtz. Bakgrunnen både på utsida og insida er laga med distress paints og ink. Pynten er tissuetape, brads og eit notecard, alle fra Tim Holtz.

 Blomstene er laga enkelt med ein sirkel dongeristoff og ein sirkel av strie som er festa sammen med ein brad. 

Innsida er enkelt pynta med eit kort og litt tissuetape, har satt av ganske god plass til å skriva. 


Det var alt fra meg i dag:-) Nyyyyyt sommeren<3



Pin It

onsdag 22. mars 2017

Min første videotutorial ~ blogger for Scrappiness

Hei hei og god onsdag:-) I dag blogger eg for Scrappiness

Endelig kommer våren! Det er så deilig å kjenne sola varme, høyre fuglesang og følge med på alt som spirer og gror<3 Eg blir virkelig full av inspirasjon og skaperglede no:-) 

I dag har eg laga ein tutorial på korleis du kan lage egne stempel av mosegummi. Dette er utrulig enkelt og morro:-) Eg har laga min første videotutorial, så gi meg gjerne tilbakemeldinger om det var noko eg kunne gjort annleis, om det går for fort e.l. 

Eg har valgt å laga bakgrunner av akvarellmaling, noko eg syns passer perfekt til slike stempel. Det er og utrulig gøy og enkelt å lage mange flotte, unike bakgrunner:-) Videoen kommer nederst;-)


Desse tre korta laga eg på ca 30 minutter. Dei er enkelt pynta då eg ville la bakgrunnen og stemplene være i fokus. 

 På det første kortet har eg valgt å stemple med kvit akrylmaling for å få ein slags "bobleeffekt" av sirkelstemplene.

På det grønne kortet har eg stempla med staz on. Den eineste pynten her er ordstempelet. Syns det blei meir enn nok:-)




Det rosa kortet har fått bittelitt meir pynt i form av blomster og perler:-)




Produkter:
Akvarellark
Akvarellmaling - Prima watercolor confections
Amsterdam akrylmaling
Mosegummi
StazOn stempelpute
Kartong i ulike farger


Det var alt for i dag, ønsker alle ein strålande vårdag:-)




Pin It

mandag 30. januar 2017

Prøver noko nytt:-)

Hei hei:-) I dag er eg på plass i Scrappiness bloggen.

Nytt år og nye muligheter, her bobler det med kreativitet som berre verker etter å komma til overflata;-) Så visst berre tida strekker litt bedre til blir det mykje kos på hobbyrommet i tida framover. Håper kreativiteten bobler over det ganske land og at mange er med på vår første utfordring i år og: PRØVER NOKO NYTT:-)

Eg har virkelig prøvd noko nytt, nemlig fargelegging av stempeltrykk. Dette er laaaaangt utenfor mi komfortsone, men det var jo i grunn ganske gøy;-) Og så er det jo umulig å ikkje smile av denne kule voffsen fra Tim Holtz Crazy dogs:-)

Eg har ikkje eit stort lager med tusjer enda så eg har brukt litt av kvart. Scrappiness har eit stort utvalg av både Chameleon og Distress marker. I tillegg kan du jo bruke Distress ink, det er det eg har brukt mest av her.

Me i teamet har vært så heldige å få ein super og variert pakke av Canvas Corp Brands. Den inneholdt alt fra lerret, ark, maling og sprayer. Eg har brukt tre ulike mønsterark for å bygge opp kortet. Utrulig kult med eit svart ark i bakgrunnen:-) Det grønne er desverre ikkje å få tak i.

Eg har klippet ut malepenselen fra dette stilige arket . Så har eg brukt ein flat pensel i lik bredde til å male eit strøk på bakgrunnen med High Impact paint fra Tattered Angels. Eg har og brukt denne malinga til å fargelegge malepenselen med. Denne malinga er heilt nydelig og perfekt å bruke om du ikkje vil dekke over heile motivet, då den er ganske tynn. Men dersom du vil dekke meir er det berre å ha på eit ekstra lag;-)


Kortet er enkelt pyntet, med ein stempelkant rundt og eg har brukt  bokstaver fra Papirdesign.

Og så til sist eit lite bilde av "modellen" og kva som venter deg om du kjem på dugnad hos oss;-)


Takk for meg, sees på onsdag:-)





Pin It

søndag 7. august 2016

Sommerutfordringa til Papirdesign

I dag minner me om sommerutfordringa inne på Papirdesign:-)

Sommeren er langt fra ferdig, selv om mange av dere er ferdig med ferien.
Vi i Papirdesign har en sommerutfordring gående, som strekker seg fra 3.juli tom 31.august
Det vil si at du har resten av denne måneden på deg til å være med på utfordringen.
Og temaet er veldig enkelt:
 ALT ER LOV

Denne gongen har eg kosa meg skikkelig med å laga eit brettekort til dåpen til tantebarnet mitt:-) Eg er heilt ny når det gjelder bretting og sliter litt uten pregebrett, men så utrulig gøy det er! Eg har laga eit kort som blir som ein liten boks. Tenkte eg kunne legge presangen oppi.
Og som det ofte gjer med meg, blei det litt mixed media her og;-)
 Prøvde å ta bilde av kortet når det er åpent. Det var neimen ikkje enkelt pga av pynten på forsida. Men du får nå sett det i alle fall. Tagen er veldig enkel med eit stempeltrykk og bakgrunn laga med gelatos.
 Kosa meg veldig med denne pynten på forsida. Leeeeenge siden eg har brukt bølgepapp og cracklepaint no:-)


Produktliste:
Ark: Muligheter, PD 16140 Online, Lille Mirakel, PD14968 Lille dåpsjente
Stempel: PD14960 Til henne
Blomster: Roser og roseknopper
Annet: chipboard hjerte, utstansede ord PD 16161 Din dag 



Pin It

onsdag 15. juni 2016

Avskjedskort

Hei hei:-) I dag er det min tur i Papirdesign bloggen, og i dag viser eg fram eit avskjedskort eg har laga til jobben. Etter ferien begynner eg i ny jobb og forlater ein fantastisk arbeidsplass. Så den gjengen der fortjener i alle fall eit kort:-)

Kortet er enkelt laga med to paneler i mønsterark og ein tag der bakgrunnen er laga med Brushos. Tekststempelet passer veldig til den jobben ein gjer på ein barnevernsinstitusjon, sjølv om ein ikkje blir ein venn i den forstand er det andre virkelig treffende.
Pynten er enkel og stjerna symboliserer at dei som jobber der er stjerner;-)

 Inni kortet har eg brukt ord stempel som stikkord for det som kjennetegner arbeidsplassen. Ellers er det kun pynt i form av ein tag men Brushos her og.


Produkter: 
Mønsterark: Muligheter - PD16147 Naturligvis, brun, Hell og lykke - PD15999 Ung og stilig
Stempel: PD14961 Min venn, PD14958 Stå på, PD13795 Fri som fuglen, PD13794 Ord til deg
Blomster: Asalea, rosa, Søte blomster, vintage lilla
Annet: PD 16163 Stjerner

Ha ein strålande onsdag:-)


Pin It

søndag 5. juni 2016

Juni utfordring hos Papirdesign

Hei hei:-) I dag er det tid for ny månedsutfordring hos Papirdesign.

"Jippi!! Sommeren er her, og det må vi vel feire.. Tema for vår juniutfordring blir derfor "Feiring""

Eg har laga ein invitasjon til sommerfest. Her har eg brukt tre tags i ulike str som er "behandla" veldig ulikt:-)

Den bakerste er skikkelig mixed media, den i midten heilt enkel, den øverste kledd med mønsterark.



Produkter:
Mønsterark: Forventning PD 14886 En rose til jubilanten
Klistermerker: alfabet, hvit PD 14930, Weekend PD15052
Klippeark: Engler PD10607
Annet: kakeserviett, blonder


Pin It