onsdag 22. mars 2017

Min første videotutorial ~ blogger for Scrappiness

Hei hei og god onsdag:-) I dag blogger eg for Scrappiness

Endelig kommer våren! Det er så deilig å kjenne sola varme, høyre fuglesang og følge med på alt som spirer og gror<3 Eg blir virkelig full av inspirasjon og skaperglede no:-) 

I dag har eg laga ein tutorial på korleis du kan lage egne stempel av mosegummi. Dette er utrulig enkelt og morro:-) Eg har laga min første videotutorial, så gi meg gjerne tilbakemeldinger om det var noko eg kunne gjort annleis, om det går for fort e.l. 

Eg har valgt å laga bakgrunner av akvarellmaling, noko eg syns passer perfekt til slike stempel. Det er og utrulig gøy og enkelt å lage mange flotte, unike bakgrunner:-) Videoen kommer nederst;-)


Desse tre korta laga eg på ca 30 minutter. Dei er enkelt pynta då eg ville la bakgrunnen og stemplene være i fokus. 

 På det første kortet har eg valgt å stemple med kvit akrylmaling for å få ein slags "bobleeffekt" av sirkelstemplene.

På det grønne kortet har eg stempla med staz on. Den eineste pynten her er ordstempelet. Syns det blei meir enn nok:-)




Det rosa kortet har fått bittelitt meir pynt i form av blomster og perler:-)




Produkter:
Akvarellark
Akvarellmaling - Prima watercolor confections
Amsterdam akrylmaling
Mosegummi
StazOn stempelpute
Kartong i ulike farger


Det var alt for i dag, ønsker alle ein strålande vårdag:-)




Pin It

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren:-)