onsdag 14. juni 2017

Mini art journal ~ utfordring # 6 hos Scrappiness

Hei hei:-) I dag blogger eg for Scrappiness:-) Tenk me er alt kommet til juni, tida går nesten for fort! Me er klare for ei ny utfordring. Den blir ganske åpen denne gangen:

"Lag noko smått"

Dette er det eineste kravet, ellers kan du lage kva du vil (så lenge det er scrapperelatert då).

Eg har laga ein ganske så liten art journal. Den måler 10x7,5 cm og har 12 sider. Eg har ikkje pynta alle sidene ferdig enda. Eg kan holde på med ei side leeeenge og kommer ofte tilbake til sider og har på litt meir. Då eg laga boka tok eg nokre sider med ferdig bakgrunn laga av gelli prints og nokre blanke med tanke på skisser.

Dette er ei utrulig artig bok:-) Når du blar i den går den rundt og rundt, kommer liksom aldri til slutten;-) Nederst ligger ein liten filmsnutt som viser det. 

Utfordringen varer tom 16. juli  kl 23.55 og reglene finner dere HER. Legg link til bidrag i kommentarfeltet eller send på mail:-)

Sjå opp for bilderas;-)



Det er veldig enkelt å lage ei slik bok. Kutt opp strimler av ferdige gelli prints og/eller blanke ark, brett det som eit trekkspill og lim på chipboard på begge sider til omslag. Så er det berre å pynte i vei:-) 

Eg har brukt både egne teikningar og utklipp fra collagesheets eg har kjøpt tidligere. 

Ei nesten ferdig side. Her kommer eg nok til å fortsette ei stund til;-)


Under arbeid.. Skisser først med blyant, så vannfast penn. Det er veldig viktig for her kommer det nok vannmaling på;-) Eller kanskje eg skal øve meg med fargeblyant?
Den andre sida av boka er litt roligere i både fargar og motiv.. 


 Øver meg på å tegne kropper og ansikter.. 
Og slik er boka når den er bretta ut:-) Skal nok lage litt fleire sider neste gang. 

Og ein liten filmsnutt som viser korleis boka fungerer. 



Produktliste: 
Gelli plate
Penn (vannfast)

Ha ein strålande onsdag:-) 


Pin It

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren:-)