I dag er det min tur i adventskalenderen hos Project life Norge, ta deg ein tur innom og sjekk den ut då vel:-)
No nærmer det seg veldig julefeiring så då fant eg ut at det var på tide å scrappe fjorårets jul;-)
I dette innlegget er det "Julebildet" som vises fram - eller forsøket på å ta bildet:-D
Det er vel ein ganske kjent sak hos alle som har barn at det blir mykje tull og tøys på bilder, og eg må jo berre sei at eg ELSKER sånne bilder. Sjølve "Julebildet" har eg scrappa på ein egen layout som eg viser lenger ned.
På denne sida har eg laga alle korta sjølv. Veldig enkle kort og ei slik side kan lagast på få minutter. Det er det eg likar så godt med Project life- at det går raskt:-)
Washi tape er heilt perfekt på PL-sider synest eg. På denne sida har eg brukt fire ulike jule washi.
Tekstkortet er veldig enkelt med "God jul" stempel og litt bling. Blingen er den samme som er brukt på LOen for å få sidene til å passe sammen.
Ellers har eg laga tre enkle pyntekort, to av mønsterark og eit kvitt ark med litt splætter på. Splættane er laga ved å ta litt Distress ink på eit bakepapir, spraya vatn på og så slepper eg dei ned på arket. Her har eg og brukt samme farger som på LOen
LOen har eg laga for lenge sidan. Eg likar jo mixed media veldig godt så blir jo ofte det på layoutane eg lager. På PL-sider prøver eg å unngå det mest mulig for å kunne laga raske sider.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Tusen takk for kommentaren:-)