mandag 12. juni 2017

Små, artige ATCer:-)

Hei hei:-) I dag blogger eg for Scrappiness:-)

 Det er ingen hemmelighet at eg liker ATCer, eg liker i grunn det meste som er smått eg:-) ATCer liker eg best å lage fordi det er overkommelig å lage mange, både like og ganske så ulike kort på den tida eg har til rådighet. I tillegg er det gøy å eksperimentere på desse små korta. 

Denne serien har eg laga til Juni oppgåva inne hos ArJo's. Berre å bli med om du vil:-)

Uten at eg tenkte over det kom det visst fram eit budskap i denne serien. Dette budskapet passer sommeren på vestlandet ganske godt. Ser du kva det er? 


Korta er enkelt laga ved å lage bakgrunn med distress stains eller mist. Så har eg limt på figurer fra tegninger eg har laga tidligere eller har som utklippsark. Kjempe gøy å lage:-D

Eg bruker som regel Water-media arka fra Ken Oliver når eg lager ATCer. Desse tåler omtrent alt av våte medium og krøller seg omtrent aldri. Heilt fantastiske ark til mixed media eller akvarellmaling:-)

Eg prøvde å ta litt nærbilder men det var neimen ikkje lett med eit kamera som slår seg vrang;-p 
Men greit å få tatt ein titt på korta kvar for seg og. 





Ha ein herlig mandag:-) 



Pin It

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren:-)