torsdag 3. juli 2014

Super dag!

Hei hei:-) Nytt innlegg i Project Life i Norge bloggen i dag.

Eg har maaange PL-sider eg ikkje har blogga enda, men i dag skal eg vise min andre. Her har eg laga ei dobbel side fra ferien på Tenerife i vinter, då me venta på bussen til Jungel-land. Blir mange tullebilder av venting;-)


Eg har ikkje heilt oversikt over kva kort og pynt eg har brukt her, men dei fleste er fra eit PL-kit fra Studio Calico.



Denne ramma var jo perfekt for å få fokus på minstejenta som smiler så fint og ser i kameraet medan dei andre tuller og tøyser:-)


Slike lommer er jo perfekte til å gøyme små hemmeligheter og fortelle om alt som faktisk skjedde den dagen;-)


Desse fuglane fra Studio Calico er mine absolutt favorittar i wood veneer. Håpar eg aldri går tom!


Det var eit raskt innlegg fra meg i dag. Håpar dåke alle kosar dåke og nyter sommaren:-)
Pin It

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren:-)