onsdag 6. september 2017

Bullet journaling

Hei på dåke:-) I dag blogger eg for Scrappiness og viser fram mi nye dille, nemlig Bullet journaling! Det er rett og slett fantastisk gøy og praktisk på ein gong:-)


Så kva er egentlig Bullet journaling? Mi forklaring på det er at det er di egendesigna filofax. Ein måte å holde orden på planer og ideer og samtidig ha muligheten til å være kreativ. Du treng heller ikkje særlig med plass for å holde på med dette;-) Boka utformer du undervegs og gir deg sjølv akkurat så lite eller mykje plass som du treng, og du har med alt det innholdet du ønsker:-) Du bruker den boka du ønsker, dei produkta du ønsker, kort sagt du lager den perfekte planleggeren - for DEG!

Det viktigste du trenger er ei bok, gode penner (som ikkje går gjennom arka) og kanskje ein linjal;-)


Her er link til ein film og til sida til det orginale Bullet journal systemet. 

Du finner uendelig mykje inspirasjon om temaet på både Instagram, Pinterest og YouTube.  

Så over til min Bullet journal. Min er kanskje litt annleis. Veldig mange lager sider som er litt "roligere" og meir oversiktlige og planlagte enn mine. Det er utrulig imponerende, men eg har, som alltid, eit stort behov for farger og spontanitet. Eg kjenner eg sliter skikkelig med sider som er blanke og perfekte, men tru det eller ei, eg bruker litt linjal eg og;-)

Eg bruker ei Travelers notebook til dette med bøker/inserts inni som kan tas ut og inn som eg ønsker. Då kan eg og prøve ulike inserts til eg finner den perfekte for meg:-) Eg kan og lage dei sjølv om eg vil:-)

Så no blir det eit bilderas og ein gjennomgang av dei sidene eg har laga til no: 

Første sida består av litt fargekoder for dei ulike familiemedlemmene, huskelister som eg ønsker å kunne ta ut og inn og ein "nøkkel". Nøkkelen viser koder eg bruker på kalender sidene mine; kva som skal gjerast, hendelser, viktige ting, kva som er gjort, bursdager osv.. Eg har valgt å ha nøkkelen på eit kort som er festa med Washi tape og kan derfor brette den ut når eg jobber i boka. Så trenger eg ikkje bla att og fram for å finne den visst eg ikkje husker alle tegna. 


Måtte og male meg ei inspirerende forside fant eg ut;-) Eg bruker mykje akvarellmaling i boka mi. Det går fort, er lett å skrive over og er rett og slett vakkert<3


 Så over til nokre viktige sider, nemlig indexen. Alt etter kor tjukk boka di er bør du sette av antall sider. Denne fyller du nemlig inn sidetall etter kvart som nye element kommer til. Husk, numrer for all del sidene dine visst du vil finne fram raskt;-)


Så over til neste punkt - "Framtidslogg" eller "Future log". 
(Innimellom index og denne sida har eg litt oversikt over bøker, bursdager, filmer, mål for året osv. Men dei sidene er ikkje heilt ferdig enda;-) )

Framtidsloggen er ein oversikt over måndene i året, gjerne med bittelitt plass til å notere viktige datoer. 



Så kommer den første månedssida mi, eller "Monthly log". På denne har eg ein ganske standard kalender, mål for måneden, viktige gjeremål og ein "Tracker". Ein "tracker" (hmm godt norskt ord var ikkje lett her) gjer at du kan følge med på dei vanene dine du syns er viktig. Som om du har gått tur, har scrappa, sovet godt osv. Så berre farger du rutene ved dagens slutt:-) 




Videre kommer "Dagssider" eller "Daily log". I august har eg valgt 7 kolonner på eine sida og ei "blank" side på den andre sida. Den blanke sida står eg fritt til å bruke som eg vil. Om eg vil dekorere, skrive lister, lime inn bilder, små ordtak, skrive litt om veka osv. 
Eg har og stempla ein liten kalender for å alltid ha ein liten oversikt over måneden. 

  
Kjekt med små klistermerker til å få litt meir liv på sidene:-)


 Denne neste veka har malt farger som gjenspeila været i starten av veka. På slutten av veka var eg på Scrappetreff så tenker eg skal lime inn litt minner derfra;-) 


Siste sida i august viser og fargene. Bladene på bjørketreet begynner å bli svakt gulfarga og mange rosa roser stod i blomst den veka:-)


Så var september her og det er tid for ei ny Månedsside. Valgte å gjere det litt annleis med ei rad med datoene og dagene i stedet for kalenderstil. På dei neste sidene blir det tracker, lister og mål for august, men er ikkje heilt i mål her enda;-) 


Produkter: 
Klistermerker fra Prima og Maggie Holmes


Håper dette inspirerte og ha ein strålande september dag:-)


Pin It

mandag 4. september 2017

Art journal med akryl maling

Hei hei:-)  Juhuu min tur i Scrappiness bloggen igjen:-) Denne veka blir det litt forskjellig og eg starter med ei art journal side. Denne sida er brukt kun med akrylmaling og litt fargeblyanter og penn. Den er laga på eit kurs med Mindy Lacefield så motivet har eg ikkje funnet på sjølv;-)

Eg elsker virkelig akrylmaling! Det er enkelt å blande dei, bygge opp struktur og dybde og ein kan lett fikse eventuelle "feil".

For å lage dette maleriet har eg brukt mange ulike fargar. Dette skaper eit levende utrykk. Tru det eller ei, bakgrunnen er faktisk rød:-)

Malingen er lagt lagvis og skrapt av om og om igjen;-) Ellers er det skribla litt med fargeblyanter og teksten er skrive med kvit gel penn.






Produkter:





Pin It

fredag 1. september 2017

Gjestedesigner hos Hobbygarasjen ~ september utfordring

Hei hei:-)

Eg er så heldig å få gjeste Hobbygarasjen i nokre månedar framover:-) Eg hadde eit bidrag i August som eg har glømt å blogge, i tillegg er dei klar med september utfordringa som inneholder

GLITTER!

Først bidraget mitt fra forrige mnd.

Oppgava var å bruke tall og det blei enkelt å velge å lage eit bursdagskort;-)

Eg har brukt malingen Starlight paint fra Imaginations craft på dette i fargene sax blue og apple green.
Nyyyydelig maling og for ein dekkevne!
Tok kun eit strøk på tallet uten noko form for grunnarbeid.
Malingen lager og eit nydelig skimmer der eg har hatt den på bakgrunnen.



Så til glitteroppgåva:-) Eg har laga ein tag med sparkle medium  fra Imagination craft som eg har lagt inni kortet over;-) Mediumet har eg påført gjennom ein stensil også fra Imagination craft og det gir ein heilt herlig glittereffekt:-)



Pin It

fredag 28. juli 2017

Artjournal side med dongeri

Hei hei:-) I dag er det siste innlegg fra meg og dongeribuksa i Scrappiness bloggen;-) Eg har kosa meg med artjournaling og hatt på litt biter av dongeribuksa der og:-)


Når eg koser meg med artjournaling har eg så godt som aldri nokon plan, ei side kan ta fleire måneder og det er vanskelig å sei kortid den er ferdig. Dette er ei sånn side. Den er laga ved å bruke reste maling og medium fra andre prosjekter og plutselig er den ferdig:-) 




Produkter:



Pin It

onsdag 26. juli 2017

Dekorere bokomslag med dongeri:-)

Hei på dåke:-) Blogger for Scrappiness igjen, og i dag vil eg visa korleis eg går fram når eg skal dekorere bokomslag. Det er jo utallige måter å gjer det på, berre fantasien setter grense, men eg ender ofte opp med collage av restepapirer og litt mixed media oppå:-) Det som blei nytt for meg denne gangen er at eg har brukt ei lomme og stoff fra ei ødelagt dongeribukse. Kosa meg veldig når eg laga denne:-)

Så her kommer litt bilder av boka og ein film:-)










Produkter: 
Restepapir, dongeribukse





Pin It

mandag 24. juli 2017

Kort med sjølvlaga blomar av dongeri

Hei hei:-) Me har hatt ei heilt nydelig veka her i vest og håper denne blir like fin:-) I dag er det min tur igjen i Scrappinessbloggen:-) Eg har faktisk scrappa litt i finveret eg og laga inspirasjon til utfordrinen som pågår no: 


Håper mange blir med på denne:-)

Som så mange andre scrappere samler eg på ALT. Blandt anna ødelagte klær.. Så denne veka har eg brukt stoff fra ei hullete dongeribukse. I dag vil eg visa eit enkelt kort med svært enkle heimelaga dongeriblomster:-)


Kortet er laga av ein stor tag som er bretta. Alle produkta, bortsett fra dongeristoffet er Tim Holtz. Bakgrunnen både på utsida og insida er laga med distress paints og ink. Pynten er tissuetape, brads og eit notecard, alle fra Tim Holtz.

 Blomstene er laga enkelt med ein sirkel dongeristoff og ein sirkel av strie som er festa sammen med ein brad. 

Innsida er enkelt pynta med eit kort og litt tissuetape, har satt av ganske god plass til å skriva. 


Det var alt fra meg i dag:-) Nyyyyyt sommeren<3



Pin It

fredag 16. juni 2017

Gøy med "Zines"

Hei og god fredag:-) Då var det min siste dag for denne gong hos Scrappiness. Som sagt så går det i "smått" hos meg denne veka, så her kommer meir inspirasjon til utfordringa:-)

Eg skal på helgetur med to gode venninner, så då fant eg ut eg ville ta med noko til dei:-) Så eg laga ein kvar sin "Zine" til dei:-) Zine som i Magazine;-) Søk på youtube så finner du litt av kvart.

Desse er superenkle og morsomme å lage, alt du trenger er eit A4 ark (eg har brukt akvarell ark), og det av pynt og farger du ønsker:-)

Det er kanskje litt likt som i går dette her, men litt annerledes likevel. Desse er laga med tanke på dei to som får dei og ein Zine inneholder ofte elementer i form av tekst, sider som kan fylles ut, kanskje eit bilde osv.. Eg har to sider med ark fra fargeleggingsbok, tilfelle dei får lyst til å fargelegge litt;-) Og to lister dei kan fylle ut sjølv. I tillegg har eg med dikt og små ordtak..







Slik ser dei ut før dei brettes til ein Zine;-)


Ha ei strålande helg:-)


Pin It