Viser innlegg med etiketten tag. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tag. Vis alle innlegg

onsdag 14. mars 2018

Mixed media tag

Hei hei:-) Min tur hos Scrappiness igjen:-)

I dag viser eg fram ein tag som er litt meir tidkrevande å laga enn LOen eg viste fram på mandag, nemlig ein mixed media tag. Eg elsker denne stilen. Den har uendelig med muligheter og er så utrulig fri:-) Du veit aldri heilt korleis resultatet blir og derfor gjer det ingenting om ein gjer noko "feil" for det er ofte med på å gjer resultatet enda bedre enn ein hadde tenkt:-) Så "happy accidents" er veldig velkommen for min del;-)

Denne tagen er laga av restepapir og restemaling og medium etter eit anna prosjekt. Ofte når eg held på med eit større prosjekt har eg ein tag ved sida av til å ha på restene så dei ikkje går til spille.


For å lage tagen har eg limt på rester av papir, tissue, osteklut og washitape. Deretter har eg hatt på eit tynt lag med gesso for så å spraye med glimmermist. Husk å tørke mellom laga. 



Til å pynte tagen har eg brukt eit bilde fra eit utklippsark og ein del av eit gammalt smykke. 

 Pynten gjekk raskt då smykket utgjer mesteparten av den. Ei fjær og litt Papirdesign klistermerker og bånd og vips så var den ferdig:-) 

Pin It

onsdag 19. oktober 2016

Det blir jul i år også...

Ja for tenk det blir det:-) Jul altså:-D Butikkene fylles allerede opp med julekaker og julepynt og folk rundt i det ganske land er i gang med julekort og julegaver. Eg er vel heller ein av dei som er litt treige med sånt;-) Begynner som regel laaaaangt ut i desember;-p Så i år har eg satt meg eit mål om å begynne i november. Så då tok eg å lagde meg ein tag til bloggen til Papirdesign,  som skal minne meg på:

"Det blir jul i år også.."

Alle dei nye julestemplene og arka fra Papirdesign er i alle fall til stor inspirasjon og eg gleeeeeder meg til å lage masse heimelaga kort og layouter i år:-)

Tagen er ganske enkel, eg liker veldig godt enten clean & simple eller mixed media.
Arket Julens hvite blomster passer perfekt til den reine enkle stilen og fargene passer godt no når me nærmer oss den litt fargelause måneden november..


Stempeltrykket er stemplet med brunt for å harmonere godt med resten av tagen.


Produktliste
Ark: Gledelig jul - PD16229 Julens hvite blomster 
Stempel: PD16180 Julestjerne, PD16179 Kommer nissefar?
Annet: Brunt bånd

Ha ein strålande onsdag:-)



Pin It

tirsdag 20. september 2016

Etter regnet synger fuglene - blogger for Papirdesign

Hei hei:-) I dag viser eg ein veldig enkel tag i Papirdesignbloggen, tenkt til å muntre opp nokon som treng det.

Eg minner på septemberutfordinga: STEMPEL, med denne:-)

Eg har ein ting eg virkelig elsker å gjere, bortsett fra scrapping då selvfølgelig;-) Det er nemlig å leke med gelli printing. Det er ikkje ofte eg veit kva eg skal gjere med det eg lager men det er gøy å ha ark med kule trykk liggende. Eg lager alltid litt tags om i samme slengen. Dei er perfekte å bruke til eit enkelt bursdagskort, eller som dette, til oppmuntring:-)

Litt stempel, klistermerker og/eller diverse pynt og du er ferdig:-)

Denne er så enkelt laga som: stemple, embosse, klistre på klistermerker, ferdig:-)





Produktliste: 
Stempel: PD 13804 Fuglekvitter
Klistermerker: PD 15046 Perfekt
Annet: lilla blonde

Ha ein strålande dag:-)



Pin It