Sider

onsdag 1. februar 2017

Steampunk lerret for Scrappiness

Hei hei:-) I dag er eg klar med ein tutorial eg har laga for Scrappiness. Dette må eg sei er eit skikkelig mixed media prosjekt og stilen er steampunk! Eg har virkelig boltra meg i canvas corp brands produkter då eg laga dette lerretet:-)

Liten sniktitt først:


Så kommer det ein seg for steg forklaring. Eg skulle ønska eg kunne ha vist ein film her i stedet. Satser på at det kommer snart;-) Så ikkje nøl med å spørre, veit det er vanskelig å berre sjå bilder...

Du trenger: 
sprayflaske med vatn, diverse pensler
Lim: Eg bruker 3d gel fra Finnabair/Prima til ark, stoff o.l og Glossy accent til småtinga. 
Bakgrunnsmaterialer: mønsterark, tissuepaper, boksider, kort, stoffbiter (eg har brukt canvas og striestoff). 
Pynt: metall, lyspære, knapper, klesklyper (små) chipboard, resin, papirroser, perler, ordklistermerke, hyssing osv
Farger og div medium: Gesso (kvit og klar), pulverkaffe, rustpaste, crakle paste, glimmermist, maling, gelato, Inka gold

Anbefaler og på det sterkeste å ha ein varmepistol eller masse tålmodighet. 

1. 
Start med å finne fram eit lerret og alt mulig av resteark, canvasstoff eller anna stoff, striestoff,  chipboard, metallpynt og anna pynt. Farger har ingenting å seie då det skal dekkes med farge etterkvart. Mitt lerret er brukt til å teste ut noko tidligere. Her kan du godt bruke eit lerret du tidligere har starta på men som ikkje blei heilt som du hadde tenkt. Det skal jo dekkes over likevel;-)


2.
Bruk ein sterk lim til å lime på diverse ark. Eg bruker 3D gel fra Finnabair. Den limer sammen alt:-) Eg planlegger ikkje når eg limer på papirbitene. Men eg liker å ikkje lime ting på skrå og holde alt papiret horisontalt eller vertikalt. Det blir meir behagelig for auga. Men overlapp gjerne papirbitene:-) 

Lim så på ein bit canvas og ein bit strie på midten. Det er fint om du river av litt tråder rundt stoffbitene for å få dei litt frynsete. Desse trådene er fine til å lime på rundt om kring. La limet tørke. 

Så tar du pulverkaffe og strør på litt her og der. Spray så godt med vatn på. Dette skal virke ei stund. Du må gjerne gni litt utover nokon stader og spraye i fleire omganger for å "bevege" kaffen meir. Når det er tørt kan du godt gni av litt av kaffepulveret. Sjølv om mykje av kaffen blir dekka seinere er det med på å skape ein spennende struktur på bakgrunnen og litt herlige, "gamle" flekker. Og så lukter det sååååååå godt:-D



3. 
Lim på litt chipboard. Så er det frem med medium:-) Bruk det du har men gesso er veldig viktig;-) Eg "dabber" på eit tynt lag med gesso over det meste av lerretet. Her har eg brukt både kvit og klar gesso. Den klare har eg der eg ikkje vil dekke det som er i bakgrunnen. I tillegg har eg hatt på crackle paste og rust paste på chipboardene og litt på lerretet. 

Når det er tørt er det klart for pynten:-) Det er veldig gøy å bruke metall du finner rundt om i huset og  i garasjen. Og ekstra gøy er det å finne litt metall skrap ute som er herlig rustent;-) 

Eg har brukt binderser, rustne muttere, sånne "dingser" som er på brusbokser el hermetikk, "gears" (desse finnes også ofte i chipboard eller du kan stanse dei ut med dies), små kleklyper i tre, knapper, smykkedeler, resinblomster, papirroser, små perler.. Her er det berre å bruka fantasien:-)
Perlene har eg hatt oppi smykkedelen og strødd litt rundt om kring. 

Det er lurt å tenke på kva av pynten du vil skal være fokuset på lerretet. Eg har to sommerfugler og eit litt større "vesen" som tar form i midten.. Når limet har tørket så dabber du på litt gesso her og der slik at sprayen har noko å feste seg til. 

 (ikkje så lett å sjå forskjell på dei to nederste kanskje? Men på det det siste bildet har altså pynten fått litt gesso på seg;-)) 

4
Her er midt favoritt steg, nemlig farge! Eg elsker glimmermist. Det er skjelden dei blir til stygge gjørmete farger;-) Velg deg ut to-tre farger gjerne i fleire ulike nyanser. Her har eg valgt orange/gull, blå/turkis og brun, samt litt svart til skygge. Når du sprayer er det viktig at du er NÆRME der du vil ha farge og heller får fargen litt utover ved å spraye vatn på. Tørk og spray i fleire omganger til du er fornøyd:-)

Når det er tørt er det fint å ta på litt kvit gesso med ein tørr pensel der du vil lysne litt opp. Tenk deg kor lyset treffer og motsatt av der du har hatt skygge. Bruk lette strøk. 

Eg har så tatt på litt maling der eg ville forsterke fargene. Den nye malingen til Tattered Angels, "High  Impact paint",  er heilt nydelig og du kan ha den på omtrent alt:-)

Dersom du vil ha på ei lyspære som fokuspunkt så lim den på no. Her kan du bruke det du måtte ønske:-) Det kan og vær veldig fint å klippe ut eit motiv fra eit mønsterark.  

Til slutt bruker eg fingeren til å påføre litt Inka gold på litt av pynten og litt svart gelatos rundt kanten. Gni gelatosen godt utover. 

 Eit klistermerke med eit passande sitat er siste krone på verket! 

For å ramme inn lerretet har eg limt på hyssing rundt kanten. Då brukte eg eit tjukt lag med 3D gel og surret rundt hyssingen. 



Og her er endelig det ferdige resultatet:-) Håper dette inspirerer mange til å leke med mixed media:-)






Du kan og bruke denne teknikken til å pynte Canvas blomster eller andre ting:-)




Produkter:
Lerret (evt treplate, boks eller anna du vil pynte)
Resteark av Tattered angels og tissuepaper, samt diverse anna scraps;-)
Lim
Gesso clear og kvit
Crackle paste gull og kvit
Finnabair Rust paste
Diverse pynt:

Takk for meg:-)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren:-)