Sider

fredag 3. februar 2017

Art journal og layout for Scrappiness

Hei hei:-) Velkommen til siste innlegget i veka mi hos Scrappiness:-) 

I dag vil eg visa fram det eg holder mest på med for tida, nemlig artjournaling. Det er ingenting som inspirerer meg meir enn å leke med maling, blekk, medium og herlige papirer og få overraskende og flotte resultater:-)

Tattered Angels har lenge vært kjent for sin glimmermist (som eg ELSKER!) men har stadig utvida sitt sortiment. No har dei kommet med mønsterark. Og for nåken mønsterark! Motivene er nydelige og kvaliteten av ein anna verden! Dei føles som tapet og er veldig mjuke, men tålbare. Perfekt for mixed media. I dag har eg vert forsiktig med å bruke for mykje medium over dei, då eg ville visa fram dei fantastiske motiva. Og ja, dette er i hovedsak eit innlegg om art journaling, men eg måtte ta med ein LO og for å hedre desse arka litt ekstra;-)

Eg jobber alltid i mange art journalbøker på ein gang. Mykje av det eg lager tar lang tid å tørke og bør få tørke naturlig. I tillegg er det supert å bruke opp maling og diverse som var tiltenkt ei side ved å tørke det av på ei anna. Denne sida er ei slik "tørk av side". Boka eg har brukt her er ei gammel bok som tar for seg heile menneskets historie i form av nyheter. Utrulig mykje artig og lese og fantastiske bilder. Det er ikkje alt eg klarer å dekke over og då prøver eg å få det inn som ein naturlig del av sida mi. 

Bakgrunnen er som sagt blitt til ved å tørke av medium fra diverse andre prosjekter. Så har eg malt motivet i vannmaling og litt akrylmaling der det er kvitt. Vingene er klippet ut av dette fantastiske mønsterarket fra Tattered Angels. Rundt kanten av sida har eg brukt Inka gold i både gull og kobber. Eg har og brukt litt distress ink, distress stain og gelatos rundt kanten. 



Dette motivet fra boka passa perfekt til temaet på sida. "Dersom du anerkjenner at du er sårbar veks du deg sterkare"


 Inka gold er supert og gni over sida for å få fram struktur fra gesso og modelling paste. 


Produkter
Distress stain


Og så layouten: 
Denne layouten er faktisk ganske rask og enkel å laga. Eg har dryssa brusho på bakgrunnen og spraya med vatn. Rosa og kanten er klippet ut av dette nydelige arket fra Tattered Angels. 

Så har eg valgt å male rosa med High Pigment paint også fra Tattered Angels. Det er nesten som om denne malingen og arket er laga for kvarande<3


 Ellers er sida ganske enkelt pynta med tags, blomster og resin.





Produkter
Diverse blomster fra Papirdesign og Prima
Perler fra Papirdesign

Då vil eg ønska alle ei strålande helg:-)

Kreativ klem fra Arnlaug


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren:-)