Sider

mandag 12. september 2016

Første innlegg hos Scrappiness!!

Hei hei alle sammen! Endelig min tur i Scrappiness bloggen!!! Dette har eg gleda meg til lenge:-)

Tenk at eg er så heldig å få være med i dette herlige teamet til denne fantastiske butikken! Vil du lese meir om meg kan du gjere det her.

Eg kliner rett og slett til med ein enkel tutorial i dag eg. Eg må berre få sagt at eg er ein veldig impulsiv scrapper. Det er sjelden eg planlegger kva eg skal lage for det eg jobber med tar som regel ein anna retning enn det starta med. Eg elsker mixed media og dette er vel det eg kaller for "mixed media light", altså ein litt "enkel" mixed media layout som går forholdsvis raskt å lage.

Eg har og valgt å fokusere på enkle teknikker med distress ink pads. Eg har og kosa meg med masse digge Tim Holtz produkter:-)

Ein liiiiiiten smakebit på det eg skal vise til dere:



OK, då setter eg i gang;-) Her blir det bilderas;-p

Her er utstyret eg starta med. Hadde i grunnen tenkt å holde meg til stort sett dette men ops, endret som vanlig meining underveis;-)


Start først med å stemple ulike farger distress inks etter kvarande på ein akrylkloss. Spray lett med vatn over og stemple med klossen på arket. Her har eg brukt eit akvarell ark som er meint til å tåle vatn. Har du ikkje det er det lurt å grunne kartongen med gesso først og då helst clear gesso
Du kan gjerne gjenta dette nokre gonger om du vil dekke mykje av arket. Ellers er det kult med ei stripe og:-)


Eg hadde egentlig tenkt å bruke dette som bakgrunn. Det er veldig kult og layouten er ferdig på 1-2-3;-) Men eg følte virkelig for å fortsette her og bestemte meg for at dette skulle bli matte for bildet i stedet. 

Så då skar eg av ei stripe og stanset ut eine kanten med ein borderpunch. Her har eg og brukt ein anna teknikk med distress ink. Først har eg gått over kanten litt med ein våtserviett dyppa i gesso. Då det var tørka gjekk eg over med distress ink og blending tool. Det gir ein veldig stilig variasjon i farge og skaper litt tekstur.


Så då måtte eg lage meg ein bakgrunn til:-) Her har eg stemplet litt distraheres ink på eit lite craft sheet. Har du ikkje det funker det fint å bruke bakepapir eller plast. Så spraya eg med vatn og dryppa det utover kartongen. Når eg lager mixed media lager eg som regel alltid noko av restene. Ofte blir det til at det havner i art journalen min eller eg lager ATCer eller tags. Denne gangen ville eg lage ATCer i samme stil som layouten. Eg tok då og trykka ATC korta i inken for å skape ein stilig akvarell lignende bakgrunn. Nederst til høgre ser du forøvrig forskjell mellom vanlig kartong og akvarell ark. Som sagt kan du grunne kartongen med gesso for å oppnå samme effekt. 


Igjen så endra planane seg og eg fant ut at eg ville ha samme effekt på layouten min. Så då gjentok eg prosessen;-) Så tok eg ein ny runde med splætting og tok og med litt fargeklatter i turkis:-)

Eg ville og ha litt meir liv i bakgrunnen og brukte ein stensil fra Joggles og modeling paste.


Videre til litt detaljer. Her brukte eg ein mask med bokstaver og tall fra Tim Holtz som eg har hatt liggende i mange år. Den har eit lett klister på seg slik at den holder seg i ro på bakgrunnen. Så tar du litt ink på blende verktøyet og påfører i ein lett bevegelse. Eg valgte å bruke to farger her. 

Du kan fint bruke stensiler til dette og oppnå motsatt effekt. Har du ikkje mask så kan du stanse ut bokstaver eller det du ønsker å bruke , for eksempel ved bruk av dies. og oppnå samme effekt som ved mask. Husk berre på at du må holde den på plass siden den ikkje har klister på seg. Evt kan du bruke litt spraylim om du har. 

Og påførte og litt av Finnabairs Crackle Paste her og der. I tillegg så stemplet eg litt rundt om kring med stempelplata Bitty Grunge fra Tim Holtz. Også her har eg brukt distress ink:-)


Og her er den ferdige layouten: 

Som dere ser så er eg veeeeeldig fornøyd med å få være ein del av teamet;-)


Og litt detaljer: 

All pynt er fra Tim Holtz. Pynten eg har brukt er:
















1 kommentar:

Tusen takk for kommentaren:-)