Sider

fredag 5. mai 2017

Mixed media layout for Scrappiness

Hei hei:-) Då går det endelig mot helg igjen, og for ei nydelig helg! Eg virkelig elsker denne tida på året:-) 

Blogger for Scrappiness i dag og:-) I dag deler eg ein mixed media layout med video tutorial til. Denne har eg laga som inspirasjon til pågående utfordring som er å laga noko
fargerikt:-) 

Som ny filmlager så har eg ikkje begynt å snakka noko på videoane mine;-p Kan hende det går litt fort her og der, så ikkje nøl med å spør om det er noko du lurer på. 









Produkter
Medium: Finnabair;  Cracklepaste, 3D gel, soft gel eller mod podge
Osteklut
Pynt: Blomster og Ephemera fra Prima

Ha ei nydelig helg:-) 


onsdag 3. mai 2017

Let her sleep ~ art journaling

Hei hei:-) Håpar flest mulig nyyyyyter vår og sol, og så litt hobby då;-)

I dag blogger eg for Scrappiness og vil eg vise fram ei art journal side som eg synes passer godt til tida me er inne i no. Duse fargar i grønt og rosa. Budskapet passer i grunnen og. Naturen er på vei til å våkne skikkelig til liv og det samme gjelder mange mennesker. Det er mange som ligger i "dvale" om vinteren og som får nye krefter no når vår og sommer kommer:-) Sida har eg laga i den litle Dylusion boka.


 Sida er laga kun med Amsterdam akrylmaling, stensiler og kullstift. Bakgrunnen er laga ved å påføre eit tynt lag maling med eit plastkort, så tørke vekk ein del av malingen gjennom ein stensil. Dette er gjort i fleire lag. Blomstene og jenta er skisset opp med kullstift og malt med akrylmaling. 



Ha ein strålande onsdag alle sammen:-)


mandag 1. mai 2017

Vårlige ATCer

Hei hei:-) NO er endelig våren her! I alle fall her i vest;-) Nydelig vær, fuglesang, lysere kvelder og mykje som som spirer og gror. Eg er ute og sjekker i hagen mange ganger daglig for å sjå kva som dukker opp i hagen;-)

I dag blogger eg for Scrappiness og eg har eg laga nokre vårlige ATCer som eg vil vise for dere. ATCer er utrulig gøy å lage, både for å teste ut produkter, bruke rester, lage raske kort, til å bytte med andre, rett og slett veldig anvendelige:-)

Eg og mi gode scrappevenninne Jorunn har ei facebook side dedikert til ATCer og Tags, som heiter ArJo's.  Her er det ny utfordring kvar måned der premien sponses av Scrappiness:-)

Korta eg viser fram her er til mai utfordringa inne hos ArJo's:-)


Desse korta var veldig raske å lage. Eg ville ha eit enkelt og sart utrykk. Litt slik som hagen min er no. Få farger og spede spirer som dukker frem, før det seinere vil eksplodere i farger:-) 

Her har eg tatt nokre dråper glimmermist på arbeidsmatta mi (plastbiter funker og), spraya litt vatn på og trykka korta nedi. Korta er forøvrig kutta ut fra ark fra Ken Oliver. Desse er heilt fantastiske og tåler meir enn mange akvarell ark. Arka krøller seg svært lite og du trenger ikkje grunne med gesso. 

 Pynter er enkel med litt blomster, bladranke og klistermerker (fra Prima). 



Produkter: