Sider

søndag 25. oktober 2009

Scrappekrigen oppgåve 2

Dette går jo så det suser:-) Denne gongen var oppgåva å lage ein lag-på-lag LO med 1 bilde, og fargen grønn skulle væra med.

Denne kosa eg meg skikkelig med:-) Har aldri brukt så masse ark og pynt før!

"Undrer" er eit bilde av meg og søskenbarnet mitt som 2åringar. Har alltid likt dette bilde veldig godt.


Her har eg kosa meg med kaffefarging av blonder og tags, bruk glimmermist for første gong. Swirlen er malt med grønt lim og crackle paint. Bokstavene er chipboard og er og mala med crackle paint.


Eg har og sydd arka sammen med symaskin.


Mønsterark:
Jenni Bowlin; Vintage black ledger
Daisyd's; Taylor
Basic Grey LilyKate; Posey, Apple Blossoms og Queen Ann
og eit ark frå ei blokk frå Panduro

Har faktisk ikkje brukt kartong! Pleie alltid da..:-)

mandag 19. oktober 2009

CASAkreativ


Dette er ein heilt super blogg som eg og har oppdaga no. Bedre seint enn aldri:-)

Litt om CASAkreativ;
"Vi er en gjeng med scrappe, strikke, hekle, interiør, matlage- og fotoberter som syntes det nå var på sin plass med et helt eget samlingssted for alle disse deilige hobbyene vi omgir oss med."

Ja her er det mange hobbyar samla på ein plass, så her bør ein kunna finna inspirasjon.

søndag 18. oktober 2009

Scrappekrig på BV!

Det er scrappekrig på hobbyforumet på BV. Første runde blei avslutta i går og eg er utrulig fornøyd med resultatet. Eg fekk faktisk flest stemmer i mi gruppe! Hadde eg aldri trudd. Det er jo så utrulig mange flinke scrappere der inne:-) Gleder meg til neste runde!

Første oppgåve var:

"Lag en LO som inneholder FIRE bilder!! Selve loen og bildene skal være i sort/hvitt, og du skal bruke en farge som skiller seg ut fra det sorte og hvite! Dette gjøres i pynten og evt tittelen. Tittel og tema velger dere selv!!! "


Mønsterark; Creative Imaginations: "Narratives"
DaysyD's: Small Floral solid antique black

Har brukt ein kvit kartong med swirls på (syns ikkje på bilde), laga tittelen med silhouetten, skrifttype Edwardian Scrips ITC.

onsdag 7. oktober 2009

2 måneder

Så har eg fått laga 2 måneder LOen til Helle Alida:-) Ikkje lenge til eg må laga 3 månederen. Tida flyr!

Her har eg brukt ark fra creative club. Dei høyrte til eit kit der ein skulle dekorere mdf plater. Fant ut at eg ikkje kommer til å gjera det med det første.

søndag 4. oktober 2009

Bølger

Eg ELSKER sjøen og må selvfølgelig ha med ein LO om det i BOMen min:-)

Her har eg brukt eit Kit fra Lifetime moments, med ark fra Kaizers Craft frå Offshore kolleksjonen.


10 ting ved sjøen eg elsker...


litt detaljer..

Liten?

Endelig har eg fått scrappa dette nydelige bildet av Helle Alida. Berre 12 dagar gammal og ser ganske så klok ut. Her har eg lifta denne LOen (nesten i alle fall).


nærbilde av diktet..

Utfordring; So cute 2

Denne gangen var utfordringen til Thats just So cute, Gjenbruk. Kjempe gøy oppgåve:-) I sommar kjøpte eg meg ein voksduk som eg måtte klippa til sjølv. Og den var jo så fin at eg tok vare på restane. Knall grønt og kvitt mønster passer perfekt til sommerbilder. Her har eg og brukt ein bit av eit gammelt spiseunderlag med røde blomar og brukt ein del fra eit gammalt smykke til å ramma inn årstallet med. Har og plukka litt strå.

Litt detaljer må jo og væra med..


Eg fekk faktisk 2. plass! Hadde eg ikkje trudd. Sjekk her då! Vinneren hadde eit kjempekult bidrag, så det var vel fortjent:-) 3. plass var og heilt nydelig:-)